Geir Ove Ystmark

Politisk tyngde er viktigast

FHL vurderar politisk tyngde som det viktigaste for den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartement. Næringsaktørane er litt meir usikker på kva som vil skje når leiinga manglar erfaring frå havbruk.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Geir Ove Ystmark (Rettighetshaver: Kari Johanna Tveit)
Geir Ove Ystmark i FHL vil gi den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet  sjansen til å levere før han vurderar det politiske arbeidet
Foto: Kari Johanna Tveit
Kari Johanna Tveit
Ein gjennomgang av bakgrunnen til den nye politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet syner ei grundig erfaring både frå politisk arbeid og frå organisasjonsarbeid, men det er vanskeleg å finne at havbruksnæringa har vore sentral i dette arbeidet. Og i fylgje Regionsjef Geir Ove Ystmark i Fiskeri- og havbruksnæringens Landsforening i Nord Norge er dette heller ikkje avgjerande.
-Det viktigaste er at den politiske leiinga i Fiskeri- og kystdepartementet har tyngde nok til å få gjennomslag for sine saker, seier Ystmark til kyst.no
Han framhevar at Fiskeri og havbruksnæringens landsforening vil forhalde seg til den politiske leiinga som er sett inn.
-Vi har tillit til at dei både set seg inn i fiskeri- og havbrukspolitiske spørsmål og at dei lyttar til næringsaktørane. Og no må dei få tid til å levere før vi vurderar, seier Ystmark til kyst.no.
Men til tross for at den største medlemsorganisasjonen til oppdrettarane vil avvente korleis den nye politiske leiinga utfører jobben sin før dei vil gi si vurdering, så avslører ei ringerunde at mange stiller spørsmål ved at toppleiinga i Fiskeri- og kystdepartementet ikkje har særleg erfaring frå arbeid med havbruksrelaterte saker. Usikkerheita er i hovudsak knytt til vektlegging av arbeidet med laksefjordsaka, forhandlingane med EU og det generelle arbeidet med å sikre tilgangen til nye marknadar for norsk laks.
Og med tanke på utviklinga dei siste åra, så er det ikkje tvil om at oppdrett vert ein stadig viktigare del av norsk fiskeri- og havbruksnæring. I 2004 hadde eksporten av oppdretta fisk ein verdi på 12,5 milliardar kroner, mot 15,7 milliardar for villfanga fisk. I perioden frå januar til september i 2005 er eksportverdien av oppdretta fisk på 10,2 milliardar norske kroner, medan den villfanga fisken har ein eksportverdi på 11 milliardar kroner i same perioden.
-Avstanden i eksportverdi mellom oppdretta og villfanga fisk minkar, og det har den gjort kvart år i lang tid, seier Jan Ståle Lauritzen i Eksportutvalget for fisk til kyst.no.