Ingvild Sørensen

Populær arbeidsplass for studentar

Internship-ordninga gir studentar på fiskerifaglege studieretningar sjansen til å prøve seg i arbeidslivet før utdanninga er avslutta. EFF er ein populær arbeidsplass for fiskerifagstudentane i Tromsø.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I går fekk omlag 20 studentar som tek fiskerifagleg utdanning ved Universitetet i Tromsø orientering om internshipordninga og kva Eksportutvalet for fisk kan tilby dei som ønskjer å skaffe seg praksis i studietida. Så langt er ordninga tilrettelagt for studentar frå fiskerifag ved Universitetet i Tromsø og målsettinga er å bidra til at dei blir attraktive på arbeidsmarknaden etter utdanninga er gjennomført. Populær arbeidsplass Frå ordninga vart oppretta har åtte studentar skaffa seg praksis ved EFF og prosjektleiar Ingvild Sørensen ved Universitetet i Tromsø er svært fornøgd med at dei har fått til ei populær ordning som fungerar svært godt. -Studentane som har jobba på EFF gjev oss veldig gode tilbakemeldingar og framhevar at dei får jobbe med mange ulike problemstillingar, seier Sørensen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Sørensen framhevar også at ordninga skal vere tilrettelagt for alle bedrifter med tilknyting til fiskeri- og havbruksnæringa, og ho jobbar for at fleire studentar skal skaffe seg relevant erfaring i bedrifter langs heile kysten. Fleire fagretningar Prosjektet skal også utvidast til å gjelde fleire fag ved Universitetet i Tromsø. -Det inneber at studentar frå eksempelvis språkfag, matematikk og informatikk også kan delta i ordninga, og vi håpar dette vil vere attraktift for bedriftene i fiskeri- og havbruksnæringa, seier Sørensen.

Renate Birgitte Pedersen og Lasse Kristiansen

Renate Birgitte Pedersen og Lasse Kristiansen har utgangspunkt i fiskerifag og akvakultur ved Universitetet i Tromsø og erfaringane frå Eksportutvalet for fisk har gjeve dei nyttige kunnskapar innanfor mange ulike fagområder. Les meir om ordninga her