
Positive erfaringar med lakseebørs
Morten Berg i Straumen Havbruk har teikna til saman seks kontrakter gjennom Fish Pool, og erfaringane er positive. -Eg er veldig fornøgd så langt, seier Berg til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Berg teikna den første kontrakten gjennom laksebørsen Fish Pool våren 2006 og har så langt inngått seks kontraktar på til saman 1050 tonn. Motparten har vore alt frå store franske supermarknadskjedar, mindre norske eksportørar og norske vidareforedlingsselskap. Sikrar prisen Straumen Havbruk har gått inn på kontraktane i periodar då selskapet har slakta fisk, og Berg ser på avtalane som ei sikring av prisen. Han trur også laksebørsane kan fungere positivt for næringa som heilheit. -Eg trur dette kan ha gunstig effekt på dei store prissvingingane vi har opplevd i laksenæringa, seier Berg til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Har tent godt så langt Straumen Havbruk har tent godt på å delta på laksebørsen, men Berg innrømmer at magefølelsen har vore med å bestemme kva nivå han har lagt kontraktene på.