Brit Hjeltnes

- Positivt at næringa tenkjer regionalisering

- Det er svært positivt at ein no tenkjer på regionalisering. Det seier Brit Hjeltnes i ein kommentar til at næringa støttar Mattilsynet sitt vedtak om å etablere ei SAV2 sone nord for Hustadvika.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Mange påvisingar av PD-varianten SAV2 i området nord for Hustadvika det siste halvåret har medført krav om utslakting av heile lokalitetar, og såleis påført næringa store tap. Dette har skapt debatt om den vidare strategien for handsaming av PD, og måndag offentleggjorde Mattilsynet sitt vedtak som er fatta med støtte frå aktørane i regionen.

Vedtaket inneber at SAV2 og SAV3 i framtida skal handterast som to ulike epidemiar. Hustadvika skal fortsett vere barriere for SAV3, med krav om utslakting ved påvising av viruset på lokalitetar nord for grensa. Når det gjeld SAV2 vert det oppretta ei eiga soneforskrift med svært strenge restriksjonar på transport av fisk inn og ut av sona.

Brit Hjeltnes

Brit Hjeltnes ved Veterinærinstituttet ser positivt på at det vert innført restriksjonar på transport av fisk.

Positivt med restriksjonar

På førehanda har Veterinærinstituttet presentert sine risikovurderingar i ein eigen rapport bestilt frå Mattilsynet, og fagdirektør Brit Hjeltnes er svært positiv til at det vert innført restriksjonar for transport av fisk i området.

- Med dei endringane som no kjem, er det svært viktig at næringa gjer det dei kan for å hindre spreiing av SAV2. Og då er det gode gamle smittehygieniske tiltak som gjeld, seier Hjeltnes. Ho meina dette bør vere godt kjent frå arbeidet med kampanjar for å stoppe PD på Vestlandet og på Nord-Vestlandet.

Når det gjeld transport av fisk, meina ho at næringa har stort potensiale for forbetring, og ho er spesielt glad for at næringa samarbeida og for alvor tenkjer på regionalisering.

Viktig at strategien for SAV3 står ved lag

Elles ser Hjeltnes det også som svært positivet at det er semje om at strategien for å hindre spreiing av SAV3 ikkje vert endra.

Les også:

- Utslakting blir ikkje hovudregelen