Prislaks laksepris lakseprisbilde

Prisen vidare opp

I fylgje prognosen frå Strategi Riktig Laks vil lakseprisen stige enno meir denne veka.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit   Prognosen viser at den gjennomsnittlege lakseprisen i veke 33 er venta å bli 27,56 kroner kiloet. Dette er ein oppgang på 1,31 kroner frå veke 32. Prisen gjeld fersk, sløgd, superior laks, ferdig pakka, FCA Oslo. Totalt vart det eksportert 11.715 tonn laks (rund vekt) i veke 32 i år. I same veke i 2006 vart det eksportert 8.116 tonn, noko som er ein oppgang på 44,3 prosent. Så langt i år er det eksportert 394.128 tonn laks, mot 311.140 tonn på same tid i fjor, noko som er ein oppgang på 26,7 prosent. Eksporten av laks til EU auka frå 239.058 tonn i 2006 til 285.399 tonn i 2007. Dette er ein oppgang på 19,4 prosent. Så langt i år er det eksportert 10.775 tonn frosen aure, mot 17.271 tonn på same tid i 2006. Dette er ein nedgang på 37,6 prosent. Eksporten av fersk aure har auka frå 4.299 tonn på denne tid i 2006 til 12.715 tonn så langt i år. Dette er ein auke på 195.8 prosent. I veke 31 vart det selt 30.925 tonn fôr, mot 24.942 tonn i veke 31 i 2006. Så langt i år er det selt 549.448 tonn fôr. I same periode i 2006 vart det selt 436.880 tonn fôr, noko som er ein auke på 25,8 prosent.