Cato Lyngøy

- Produksjon i heilt lukka syklus blir nisje i lang tid

Cato Lyngøy som er konsernansvarleg for teknologi og miljø i Marine Harvest meinar tilnærminga til bruk av lukka system må skje gradvis og han trur produksjon i lukka syklus frå start til slutt vil vere ei nisje i lang tid framover. No jobbar selskapet med det dei omtalar som ei tilpassing til lukka postsmoltoppdrett.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit - Mi tilnærming til lukka system er at dette må skje stegvis. Når vi vågar å gjere det første steget, vil vi lære mykje meir, så får framtida vise kva som skjer vidare. No ønskjer vi å sjå på ei forlenging av den lukka fasen opp til 1 kg, - såkalla lukka postsmoltoppdrett. Det er ein del som meiner at lukka syklus heile vegen er tingen, men så langt ser eg ikkje, og eg trur det vil bli ein nisjeproduksjon enno i mange år om ikkje store oppdagingar ventar oss rundt neste sving, seier Lyngøy til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Marine Harvest meinar det å forlenge fasen for produksjon av fisk i lukka system, frå dagens tradisjonelle produksjon av smolt på mellom 70 og 100 gram, til å produsere fisk på opp til eit kilo, vil gi ei rekke føremoner når den kjem i sjøfasen.

Fleire alternative løysingar Ein forlenga produksjon i lukka system kan skje på ulike måtar. Eit alternativ er å gjere slik selskapet gjer i dag i Glomfjord i Nordland der det vert produsert fisk på opp til 250 gram med sjøvasstilsetting på land. Dei har no søkt om konsesjon på liknande type anlegg både i Rogaland og i Sunnhordland.

Eit anna alternativ er å produserer smolten i lukka flytande anlegg i sjø, og Marine Harvest samarbeidar her med to aktørar og vil søkje om å få gjennomføre testproduksjon med prototypar av slike anlegg i 2012.

Ein tredje måte å gjere dette på er å produsere fisken i anlegg bygd opp i tidlegare steinbrot der tomta ligg under havnivået, noko som gjer at sjøvatn kan transporterast inn i anlegget utan særleg løftehøgde. Marine Harvest har signert ein intensjonsavtale med Norstone AS på Askøy som opnar muligheita for framtidig etablering av landbasert oppdrett på eit areal som kan være tilstrekkelig for ein produksjon på opp mot 50 000 tonn laks. Men dette er i fylgje Lyngøy eit svært prosjekt som må planleggast veldig nøye, og som har eit tidsperspektiv på 8-10 år. Og han framhevar at det absolutt ikkje er utan utfordringar.

Saka fortsette under bilete

Landbasert anlegg Ilustrasjon

Ilustrasjon av et landbasert anlegg planlagt lokalisert på Mjølkevikvarden på Askøy etter uttak av steinmasse. Foto: Marine Harvest.  

Føremoner med ein større og meir robust fisk Lyngøy meinar det er føremoner med å produsere ein større og meir robust fisk på land, enn det som vanlegvis vert gjort i dag. - Data som vi har fått frå aktørar som utviklar slike anlegg viser at vi kan oppnå gevinst i form av lågare dødelegheit ved å sette ut større fisk, seier Lyngøy til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Vidare har vi gode erfaringar frå utsett av større smolt på Færøyane der dødelegheita er mindre enn 5 prosent i sjøfasen. Det er også føremoner i høve til lusebekjempelsen.

Å tenkje nytt er nøkkelen til vidare utvikling Som mange andre, ser han også at det er fleire ubesvarte spørsmål når det gjeld nye produksjonsformer, men han trur at det er lettare å få auge på problema, enn å sjå mogelegheitene i den fasen ein er i no. - Vi driv i dag med ein teknologi som er billeg, som vi har lang erfaring med og som passar godt for vår beskytta kystline. Det gir oss eit nasjonalt føretrinn, så det å tenkje at vi skal planlegge ei ny teknologiplattform kan synast lite tenleg. Men Noreg har ein leiande posisjon i verda innanfor industrielt oppdrett av laks, og vi har klart å kome dit ved hjelp av ei sterk innovativ næring, intensiv forsking og god forvaltning. Og vi trur nøkkelen til å bevare og kanskje styrkje den posisjonen er å vere nysgjerrig på nye løysingar og utvikling av ny teknologi, slik næringa også har hatt tradisjon for så langt, seier Lyngøy.