Katrine Jensen

Produktutvikling på høgt nivå

Det var produktutvikling på høgt nivå som føregjekk då kokkar frå Arktisk Meny testa Olivita-oljen til Edel Elvevoll og Bjarne Østerud. Målet var å velje ut nye smakar og bruksområder, og pesto med olivita på oppdretta aure, vart kåra til den beste retten.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Seks kokkar frå nettverket Arktisk Meny har arbeida med å smakstilsette Olivita-oljen som i utgangspunktet er basert på selolje og olivenolje. Kvar for seg har dei jobba med ulike smakstilsettingar av urter og bær frå arktiske områder. Denne veka var dei samla for å velje ut smakar og bruksområder som dei vil råde selskapet til å arbeide vidare med. Olivita-pesto på aure På samlinga jobba kokkane seg fram ulike typar olje, pesto og tapenadar, som dei så testa ut saman med råvare frå havet. Og det var Katrine Jensen som er "teaterchef" ved Skarven Kulinariske Teater, som til slutt fekk premien for beste rett. Kommentaren til mange av kokkane var at henna pesto var så god at den kunne vore putta på glas og selt direkte i butikken. Olivita og oppdretta kveite Rune Harper som er kjøkkensjef på SAS-hotellet i Tromsø var spesielt begeistra for smaken han får fram med å bruke olivita som smakstilsetting til kveite. Han laga kveite marinert i olivita med sitron og ulike krydder. Kveita vart så bakt i omnen på 80 grader i 40 minutt. -Smaken du får fram ved å bruke olivita til kveite er heilt spesielt god, seier Harper til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Olivita i matlaging Så langt har Olivita vore brukt som kosttilskot og selt i helsekostbutikkar, og i brød, men no skal selskapet lage eit oppskriftshefte som dei skal gi ut saman med oljen i butikkane. Målet er at folk skal gjere som kokkane i Arktisk Meny og bruke den i matlaginga. -Det er ikkje alle som likar å drikke olje, så då er det eit godt alternativ å bruke den til matlaging, seier Ola Eide i OliVita AS, men legg til at det aller beste alternativet er å ete fisk.

Katrine Jensen sin olivita-pesto på aure, vart kåra til beste rett.
Foto: Kari Johanna Tveit

Rune Harper var spesielt begeistra for smakskombinasjonen mellom olivita og kveite
Foto: Kari Johanna Tveit

Les også

Årets namn er Edel og Bjarne Olivita i brød