
Prøver på ESA-sak i Førdefjorden
Miljørørsla klyngar seg til eit siste halmstrå for å stoppe sjødeponiet i Førdefjorden. EU sitt overvakingsorgan ESA kan stogge planane om miljødumpinga.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Dette er langt frå avgjort. Det er ikkje sikkert det blir noko ESA-sak, men om det blir sak blir det veldig spennande. Det er kanskje det siste halmstrået, seier Stein Malkenes, førstekandidat for Miljøpartiet dei grøne i Sogn og Fjordane, til NRK.
Malkenes klaga i januar gruveplanane inn til ESA, fordi dei meiner planane er eit brot på EU sitt vassdirektiv.
– Vurderinga er at det i alle fall er grunnlag for å stille det spørsmålet og be om ein gjennomgang. Det blir gjort framover no, og det er det vi må prøve å klynge oss til, seier Malkenes til NRK.
EU har bestemt at vassdirektivet skal sikre god tilstand og kvalitet på vatn i heile Europa. Som EØS-land måtte også Norge ta direktivet inn i lovverket.
- Det er ESA som skal kontrollere at EØS-landa følgjer reglane, og ESA har makt til å stogge gruveplanane. Det ESA kan gjere er å seie at dette er eit brot på vassdirektivet og forlange fleire utgreiingar. Om svaret på desse ikkje er tilfredsstillande sett frå ESA sin ståstad, så kan dei stemne Norge for EØS-domstolen, seier NIVA sin ekspert på direktivet, Anne Lyche Solheim til NRK.