Rakfisk fra Valdres er godkjend som merkevare

”Rakfisk fra Valdres” er godkjend som eiga merkevare. Det er Valdres Rakfisk BA som står bak søknaden om beskytta geografisk nemning.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Valdres Rakfisk BA står bak søknaden om beskytta geografisk nemning av ”Rakfisk fra Valdres”. Raking av fisk er ein gammal metode for konservering og lagring av fisk, og har vore særleg utbredt i dei indre dal- og fjellstrøka i Sør-Noreg. Rakeprosessen er todelt, og det er primært ein enzymatisk spalting av fiskekjøtt og fiskefeitt, i tillegg til ein fermentering av mjølkesyrebakteriar som er naturleg tilstades, melder Mattilsynet. I Valdres kan produksjon og sal av rakfisk føres tilbake til år 1600. Rakfisk var da blant varene bøndene selte rundt om på marknadene på Aust- og Vestlandet. I dag er Valdres primærområde for produksjon av rakfisk i Noreg. Opphavleg ble fisk som var fanga i innsjøane og vassdraga i området brukt til raking, men sidan 1965 har oppdretta regnbueaure også vore brukt som råvare til rakfiskproduksjon. Medlemmane i samanslutninga har lang tradisjon for og innehar ein spesiell kompetanse for produksjon av rakfisk. Rakfisk frå Valdres har mellom anna av den grunn eit spesielt godt omdømme i Noreg. Produktforskriftene blir kunngjorde i Norsk Lovtidend og Norsk Varemerketidende. Produktforskrifter fastsette under ordninga: Økologisk Tjukkmjølk fra Røros Ringerikserter Eplejuice frå Hardanger Skjenning Fjellmandel fra Oppdal Hardangereple Hardangermoreller Hardangerpærer Hardangerplommer