Vasilij-katedralen på Den Røde plass i Moskva, Russland

Rapporten er klar om to til tre veker

Mattilsynet reknar med det tek to til tre veker før dokumentasjonen på at norske verksemder tilfredsstiller krav frå russiske veterinærmyndigheiter er klar. Rapporten skal så sendast samla til Den Russiske Veterinærtenesta.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Norske fiskeri- og havbruksverksemder som vart inspisert av Den russiske Veterinærtenesta tidlegare i haust skal no ha mottatt tilbakemeldingar frå desse inspeksjonane. No må verksemdene lukke eventuelle avvik og dokumentere det ovanfor Mattilsynet. Når Mattilsynet har fått inn dokumentasjon frå alle verksemdene vert dette rapportert og oversendt til Den Russiske Veterinærtenesta. Målet er å samle all informasjonen i ein rapport og få sendt denne innan to til tre veker. -Vi har som mål å sende ein samla rapport til Den Russiske Veterinærtenesta, men dersom det blir stort tidsmessig sprik i tilbakemeldingane, vil vi gjer ei ny vurdering av dette, seier seksjonssjef Henning Osnes Teigene i Mattilsynet til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. I fylgje Osnes Teigene er avvika som Den russiske Veterinærtenesta har påpeika knytt til hygiene og bygningsmessige tilhøve. Det varierar i høve til kor store utbetringar som må gjennomførast, og Osnes Teigene framhevar at det ikkje vil ligge automatikk i godkjenninga.