Skottelus, Caligus elongatus

Registreringar av skottelus i Troms

Under luseteljinga i september vart det registrert ein del skottelus både i Nord-Troms og Midt-Troms, men den er mest truleg ikkje eit problem for villaksen. –Skottelusa styrer i hovudsak etter vertar i store tette populasjonar, seier Kjetil Olsen i Senja Fiskehelseteneste.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Skottelusa føl oftast med villfisk som kjem inn i store populasjonar og dersom denne blir ståande ved oppdrettsanlegga slår lusa seg også på oppdrettslaksen i merdane. Men det er lite av den inne i fjordane i perioden frå januar til august, og det er lite truleg at den er eit problem for villaksen.

Men sjølv om det ikkje er grenseverdiar knytt til skottelus på oppdrettslaks, kan det vere eit velferdsproblem dersom det blir for mykje av den i merdane.

- Den uroar fisken ein del og til dels fører det til stress og auka hopping, noko som kan gi ytre skadar og auka dødelegheit på grunn av slag. I ekstreme tilfelle kan til og med stor fisk bli svimarar, og mest truleg vil mykje skottelus på laksen gi negative effektar i huda, og slimskadar med nedsett motstandskraft mot sjukdom, seier Olsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Irriterar mykje Dersom skottelusa går under skjella lagar den små sår, og irriterar tydelegvis ganske mykje samanlikna med lakselus. Men det blir ikkje like store sår som akselusa lagar. Skottelusa set meir spreidd på fisken, og den modne lusa oppfører seg ofte likt ei bevegeleg lakselus.

Behandlar med slice Skottelusa vert i hovudsak behandla med slice, men i dei verste tilfella må ein badebehandle for å få opp appetitten til fisken.

Lakselus og skottelus vert oftast telt på same tid, men av og til kan det vere vanskelig å skilje bevegeleg lakselus og skottelus frå kvarandre. Påslaget pleier å ta seg opp i september, og toppar seg i oktober.

Ingen registreringskrav Det er eigentleg ingen krav til registrering av skottelusa, men sidan den kan vere kime til feilteljing av lakselus er det i fylgje Olsen lurt å gjere det. I år med mykje skottelus kan det vere påslag av denne som styrer kor tid lusebehandlinga i delar av Troms vert gjennomført.

Tidlegare var det mest vanleg at skottelusa forsvann frå anlegga i tida fram mot desember, og det er enno hovudregelen, men i fylgje Olsen er det ein aukande tendens til at skottelusa blir verande i anlegget og reprodusere seg, dersom det ikkje vert gjennomført behandling.

Les også:

Luseteljing er like viktig i nord som i sør