Edel Elvevoll og Bjarne Østerud

Årets namn er Edel og Bjarne

Tromsø: Edel Elvevoll og Bjarne Østerud, begge med professorstillingar ved Universitetet i Tromsø, er kåra til "Årets namn i fiskeri og havbruk", 2006.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Edel Elvevoll og Bjarne Østerud er årets namn i 2006
Foto: Kari Johanna Tveit

Kari Johanna Tveit Dei to vinnarane fekk prisen fordi dei har vore synleg i media på eit område som kan bli svært viktig for fiskeri og havbruksnæringa i framtida. Edel Elvevoll og Bjarne Østerud har utvikla den helsebringande oljen Olivita som er ei blanding av selolje og olivenolje. Oljen er god for blodårane og aukar det gode kolesterolet. I tillegg hjelpe den også mot leddsmerter og mild periodisk psoriasis. Kliniske studiar med 1200 deltakarar ligg til grunn for utviklinga av oljen. Olivita vert brukt som kosttilskot og seld i helsekostbutikkar. Den vert også brukt i brødet "Fullkorn" frå Tromsø bakeri og distribuert over heile landet gjennom Din Baker. I eit samarbeid med kokkar frå Arktisk Meny vert det også arbeida for å kunne bruke oljen som smakstilsetting i nye produkt. Edel Elvevoll og Bjarne Østerud er svært glade for prisen og sender ei spesiell takk til verkemiddelapparatet som har hatt tru på prosjektet og til testpanela som har vore med i arbeidet med utvikling av oljen. -Det har ikkje alltid vore like god smak på dei produkta vi har kravd at dei skal teste ut, seier Elvevoll med eit smil. ”Årets namn i fiskeri og havbruk”, 2006 vert tildelt av Fiskaren og IntraFish og prisvinnarane konkurrerte med fire andre aktørar frå Fiskeri og havbruksnæringa.