Kristin Sæther, NSL

- Riksrevisjonen teiknar eit unyansert bilete

Kristin Sæther i NSL ser ikkje positivt på mykje av det som står i Riksrevisjonen sin rapport om havbruksnæringa. Ho meina bilete av næringa er unyansert og at sentral informasjon er utelatt.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Riksrevisjonen si undersøking av havbruksnæringa som vart lagt fram denne veka, har skapt debatt. Mange har uttrykt at arbeidet med rapporten burde vore konsentrert om forvaltninga si handtering av problemstillingar som næringa jobbar med, og ikkje om problema i seg sjølv.

Kristin Sæther som er havbruksansvarleg i Norske Sjømatbedrifters Landsforeining (NSL) meina mykje av det som kjem fram i rapporten gjev eit svært unyansert bilete av næringa sin innverknad på miljøet.

Lusetiltaka verkar Eksempelvis når det gjeld lusesituasjonen står det i rapporten at fellestiltaka og eit omfattande regelverk ikkje kan synast å ha redusert det totale omfanget av lakselus. - Men dette stemmer jo ikkje, seier Sæther og viser mellom anna til at lusetala vart sterkt redusert i 2011 samanlikna med 2010.

Usemja mellom fagmiljøa kjem ikkje fram Informasjonen som er nytta i Riksrevisjonen sin rapport er ifylgje Sæther i stor grad er henta frå Norsk Institutt for naturforsking (Nina), Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Vitskapleg råd for lakseforvalting. - Og dette skjer ganske gjennomgåande på dei fleste områda sjølv om ein veit at det er stor usemje på desse forskingsfelta i ulike vitskaplege forskingsmiljø som jobbar med havbruksnæringa, framhevar Sæther.

Ekspertgruppa si utaling er utelatt Når det gjeld forureining og utslepp av næringssalta frå fiskeoppdrett vert det i rapporten frå riksrevisjonen teikna eit bilete av at dette er eit stort problem. Men ekspertgruppa som var oppnemnd av Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet, og som har undersøkt miljøpåverknaden av utslepp frå oppdrett i kystområda med særleg vekt på Hardangerfjorden og Boknafjorden, konstanterte like før jul i 2011 at dette ikkje var tilfelle. - Denne rapporten vart presentert i desember 2011, men likevel har riksrevisjonen valt å omtale utslepp av næringssaltar som eit problem, og ikkje vise til konklusjonen frå ekspertgruppa som var oppnemnd akkurat for å sjå på slike tilhøve, seier Sæther.

Ingen tegn til overgjødsling