Årsgebyr for tilsyn og kontroll

Første november er det forfall på årsgebyr for tilsyn og kontroll av lokalitetar til akvakulturføremål. Krava vil bli sende ut i byrjinga av oktober. Betalingsplikta gjeld uavhengig av om det faktisk har vore føreteke kontroll på anlegget, melder Fiskeridirektoratet.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

-Gebyret er for tilsyn og kontroll på lokalitetar til produksjon av matfisk, stamfisk eller matfisk til forsøks-, forskings- og undervisingsføremål. Gebyret, som er på 3500 kroner, vart innført i 2005 og gjeld for alle lokalitetar eit føretak disponerer, seier Anne Mette Haugan ved Forvaltingsseksjonen i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding. Når det er fleire innehavarar på ein lokalitet, har alle betalingsplikt og alle vil få krav om å betale for denne lokaliteten. Dette gjeld også om desse selskapa er i eitt konsern i høve til andre reglar. Sjekk Akvakulturregisteret Lokalitetar som er oppførte i Akvakulturregisteret per 15.09.2006 skal det betalast gebyr for. Det er betalingsplikt sjølv om det ikkje har vore eller er drift på lokaliteten. Dette gjeld også sjølv om ein av ulike årsaker ikkje er komne i gang med drift eller om ein er pålagt brakklegging. -Ein bør sjekke registeret så snart som mulig. Dersom det er løyve på lokalitetar som ikkje er i bruk og som selskapet ikkje ynskjer å bruke framover, må ein ta kontakt med regionkontoret og be om at dette vert sletta. Dette skal gjerast skriftleg, opplyser Haugan. -Sjekk Akvakulturregisteret igjen i god tid før 15. september. Mange regionar har sterkt arbeidspress og det må påreknast ei viss handsamingstid. Dette gjev ikkje nokon rett til fråfall av gebyret. Unntak frå gebyrplikta Gebyret gjeld ikkje løyve i ferskvatn men det gjeld for sjøvatn på land. Gebyret gjeld heller ikkje for Manntalskonsesjonar. Manntalskonsesjonar er mindre løyve som er tildelt fiskarar på særskilde vilkår. Eit av vilkåra er at løyve berre vert nytta mellombels eller sporadisk. Det er rettslege skilnader mellom ein manntalskonsesjon og andre konsesjonar. -Sjølv om løyvet vert disponert av ein manntalsført fiskar, er maksimalt 65 tonn biomasse og faktisk vert brukt sporadisk, er det ikkje sikkert at det er ein manntalskonsesjon. Sjekk Akvakulturregisteret og ta kontakt med regionkontoret dersom du er i tvil, seier Haugan. Særskilde grunnar for fråfall Dersom du skal søkje om fråfall av gebyr skal dette gjerast til Fiskeridirektoratet sentralt. Det vert kravd særskild grunn og det er svært strenge vilkår for å få stetta søknad om fråfall av gebyr. Døme på grunnar som ikkje vil stette søknad om fråfall av gebyret er blant anna trong økonomi, ikkje oppstart av drift, drift berre delar av året, løyve gjeve kort tid før 15. september, regionkontoret har byrja på inndragingssak før 15. september eller at lokaliteten er trekt tilbake kort tid etter 15. september. Undervisingsløyve, som berre bruker éin lokalitet i undervisinga men har fleire klarert på grunn av samarbeid med kommersielle aktørar, vil heller ikkje tilfredstille kravet om særskild grunn. Det må betalast gebyr for kvar lokalitet eit løyve disponerar. -Dette vert ikkje rekna som særskilde grunnar. Avgjersla som vert fatta kan ikkje påklagast vidare. Beviselege registerfeil, til dømes at eit løyve er mellombels og har gått ut før 15. september men som likevel ikkje er fjerna frå registeret, kan verte rekna som særskild grunn, fortel Haugan. Det er viktig å vere klar over at sjølv om det vert søkt om fråfall må gebyret betalast innan betalingsfristen, som er første november 2006. Dersom fråfall seinare vert godkjent, vil gebyret bli refundert.