Saksøkjer Ervik Havfiske
Ervik Havfiske og Nordkappjenta AS blir saksøkt av ni fiskarar. -Bakgrunnen er at reiarlaga trekte dei i løn i samband med kjøp av nye kvotar i perioden 2000-2002, seier advokat, Roald Engeness til NRK.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kravet er delt i to. Omlag halvparten er retta mot eit selskapet Nordkappjenta AS, den andre halvparten direkte mot Ervik Havfiske. Bakgrunnen er at reiarlaga let fiskarane vere med å betale på nye kvotar utan at dette skal ha vore avtalt. Fiskarane meiner difor at dei fekk mindre i hyre enn dei hadde krav på, fortel Engeness, som innrømmer at dette er komplisert juss. Advokat Richard Bjerk, som representerer reiarlaga, vil ikkje uttale seg om konflikten.