
Satsar på master i havbruk
Frå hausten av kan tilsette i havbruksnæringa ta mastergrad ved Høgskulen i Bodø på deltid. -Eg har lenge ønskt å kombinere utdanning og jobb, så dette passar meg veldig godt, seier kvalitetssjef Kristin Dahlen i Mainstream Norway til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.n
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Fakultet for biovitskap og akvakultur ved Høgskolen i Bodø vil no legge til rette undervisninga slik at det er mogeleg å ta mastergradstudiet på deltid. Bakgrunnen er at ein ønskjer å rekruttere fleire studentar frå havbruksnæringa. Frå skulen si side ønskjer ein at masteroppgåvene vert gjennomført i tett samarbeid med bedriftene. -Bakgrunnen for at vi gjer dette er jo at vi ønskjer å rekruttere fleire studentar frå havbruksnæringa. I tillegg til å sikre seg generell kompetanseheving, vil det også vere mogeleg å få løyst problemstillingar i eiga bedrift gjennom masteroppgåvene, seier Prodekan Grete Lysfjord ved Høgskulen i Bodø til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Kristin Dahlen har vore kvalitetssjef i Mainstream Norway sidan 1999 og no er ho klar for å skaffe seg meir kompetanse på same tid som ho kan fortsette i jobben sin. -Etter mange år i yrkeslivet ønskjer eg å få meir fagleg påfyll. I tillegg er denne ordninga tilrettelagt slik at eg kan fordjupe meg i problemstillingar som er aktuelle i det arbeidet eg har no, seier Dahlen. Undervisninga startar opp til hausten og vert tilrettelagt for deltidsstudentar med fire samlingar i semesteret. Søknadsfristen er 15 mai.