
Satsar vidare på sjøpølser og kongesneglar
Programmet for utnytting av lite utnytta ressursar (LUR), starta opp i 2003 med forprosjekt på utnytting av nokre artar. -No er det klart for kommersialisering av kongesneglar og sjøpølser, seier prosjektleiar Frank Jakobsen i FHL industri og eksport til kyst.no
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Av Kari Johanna Tveit Frank Jakobsen har nyleg overtatt ansvaret for koordinering av programmet. Han er veldig tilfreds med resultata så langt og ser fram til å arbeide vidare med programmet. -Kommersialisering av artar som i dag ikkje vert utnytta er jo veldig viktig for utvikling av heile fiskeri og havbruksnæringa seier Jakobsen til kyst.no Finansiørar Det er Fiskeri og havbruksnæringens forskningsfond som er hovudfinansiør av programmet og LUR disponerar i dag 1.4 millionar kroner. I tilegg søkjer ein midlar frå Innovasjon Norge og eventuelle andre finansiørar på konkrete prosjekt. Arbeid med konkrete artar Forprosjekta på kommersialisering av kongesneglar og sjøpølser har gjeve så gode resultat at det vert satsa vidare på utnytting av desse artane. Rød sjøpølse I forprosjektet på sjøpølse har ein testa ut ulike typar fangstteknologi i tilegg til at næringsaktørar har vore på marknadsreise til Kina som er hovudmarknaden for sjøpølse. Her har dei jobba heilt konkret med kvalitetskrav i tilegg til at dei også har fått lære meir om produksjonsprosessen. No har næringsaktørane søkt om støtte for å få kommersialisert produksjonen av rød sjøpølse. Kongesneglar Forprosjektet på kongesneglar har også gjeve så gode resultat at det vert satsa vidare på kommersialisering. Fram til no er det gjennomført eit prøveprosjekt i Trøndelag, medan det føregår forsøksfiske i Nordland og Finnmark. I Trøndelag er det fiska 40 tonn kongesneglar som er fryst og eksportert. Det vidare arbeidet med kongesneglar i programmet er knytt til utvikling av teknologi for effektivisering og sikring av kvaliteten. I tilegg vert det jobba med marknaden. - I Østen og i Europa vil ein ha kongesneglane på ulike måtar, og det må vi klare å tilpasse seier Jakobsen til kyst.no. LUR arbeidar også med utnytting av bi-fangst og held no på med konkretisering og utvikling av eit prosjekt på dette området.