
Satt ut nærare 5000 elektronisk merka laks
I førre veke vart det sett ut 4100 2årig smolt og 729 1-årig smolt ved Steinutgarden, i elva Toåa.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
All fisk som er sett ut er feittfinnekløft og elektronsik merka som legg grunnlaget for datainnsamling for å dokumentere sporing og ferda i havet.
Dersom det blir fange ein feittfinnemerka laks i Toåa kan ein berre ta med fisken dit, eller ein annan plass der det er ein skannar, og da kan di slå fast kvar den er sett ut, og når. Laks som blir attfanga i elvane variereer sterkt, frå 0,5 til 10% i Surna. I pålegget om utsetting av 2000 smolt, kan ein forvente gjenfangst av åtte fiskar, skriv Todalen.
- Når ein sett ut fisken for at den skal vandre ut i havet, har den mange utfordringar på vegen ut i havet og til den skal tilbake igjen. Vi brukar å opne merdane om kvelden for at fisken skal kunne finne betre skjul når den går ut. For den første faren dei møter er predasjonsdyr som fuglar, mink osv. Når den kjem til elvemunningen møter den torsk og sei. I neste omgang er det viktig at det er nok mat i havet, og sjølvsagt andre farar som vi ikkje kan kontrollere, seier Monika Klungervik ved Rossåa settefisk.
Alle laksefiskarar må varsle om feittfinnekløpt laks som blir teke på land. Rossåa settefisk og Todalen elveeigarlag vil registrere laksen og etter kvart blir det og viktig å skanne kvar fisk, slik at det blir samla meir data om historia og vandringa til Todalslaksen.