– Sett av areal for utvikling

Salmon Group vil oppmode Hordaland Fylkeskommune om å ta ein offensiv rolle i utviklinga av havbruksnæringa i regionen. Ein bør sikre areal både for vekst i lakseoppdrett og andre artar. Kystsonen vil bli viktig dyrkingsareal for fleire artar ein dei vi nyttar han til i dag, og vår evne til å utvikle kystnæringane vil vere avgjerande for busetnaden langs kysten, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Netteverket Salmon Group opplyser på sine heimesider, at dei har skrive ei høyringsuttale til regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger.

Omsynssonene vil vere utfordrande for fleire av samfunna som vert omfatta. Framleis klarar mange lokalt baserte havbruksselskap å halde god drift innafor sitt geografiske nærområde. Det er viktig at desse får halde fram med å drive og utvikle sine anlegg. Med dei omsynssonene som her er føreslegne, vil der bli lagt sterke band på korleis desse kan få utvikle seg. Vi vil difor tilrå at ein unngår å nytte seg av omsynssoner i planen.

Planen legg for lite vekt på utviklingspotensialet innafor dagens havbruksnæring. Teknologi som havmerdar er i realiteten ikkje ein del av kystsoneproblematikken, og bør ikkje vedkome dette arbeidet. Der vil venteleg skje teknologiendringar innanfor dagens driftsformer, og ein må legge ein arealplan som vil tillate tilpassingar for eksisterande anlegg.Dyrking av fleire marine artar er på veg til å bli industrialisert. Til dømes vil taredyrking krevje at større område blir regulert til akvakultur enn det vi ser i dagens arealplanar.

Regionen Sunnhordland og Ytre Hardanger er ein levande kystregion, med eit mangfald av bedrifter innanfor kystnæringane havbruk og fiskeri. Verdiskaping, sysselsetjing og busetnad er basert på at desse bedriftene får leve og utvikle seg, og at nye får kome til.

Gjennom føreslegne marine verneområde og avgrensingar i regional kystsoneplan, fryktar ein at næringa i regionen vil kome negativt ut i arbeidet med å utvikle seg vidare. Fornying av anlegg og driftsformer vil møte for mange hinder, og aktiviteten i området vil bli hemma til fordel for konkurrerande selskap og regionar.

Salmon Group vil oppmode Hordaland Fylkeskommune om å ta ein offensiv rolle i utviklinga av havbruksnæringa i regionen. Ein bør sikre areal både for vekst i lakseoppdrett og andre artar. Kystsonen vil bli viktig dyrkingsareal for fleire artar ein dei vi nyttar han til i dag, og vår evne til å utvikle kystnæringane vil vere avgjerande for busetnaden langs kysten.