
Søfteland vil hjelpe Sollie å spare pengar
Janne Sollie i DN vil bruke mange hundre millonar kroner for å etablere genbankar for villaksen. Even Søfteland i Salmobreed meinar dette vil gjere vondt verre, men trur han kan løyse Sollie si utfordring innanfor eksisterande budsjett.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Sist veke gjekk direktør Janne Sollie i Direktoratet for naturforvaltning ut med ei pressemelding der ho hevda at situasjonen for villakssen er så kritisk at det bør bevarast rundt 200 laksestammar gjennom etablering av genbankar langs norskekysten. Prosjektet skal koste over 600 millionar kroner.
Even Søfteland i Salmobreed meinar han kan hjelpe Sollie til å gjennomføre prosjektet innafor eksisterande budsjett, men han trur ikkje det er lurt å fryse ned genar for å sette dei ut om 10 til 20 år. -Dersom vi ser vekk frå den politiske sida, så tek Janne Sollie i Direktoratet for naturforvaltning opp ei interessant problemstilling når ho vil lagre genar frå ulike laksestammar i Noreg, men ho må spør seg korleis ho skal nytte dette genmaterialet om 10 til 15 år. Miljøet i elva er i konstant utvikling, noko som inneber at det kan vere vesentleg endra på det tidspunktet ein vel å at i bruk det lagra genmaterialet, framhevar Søfteland. Han meinar det kan gjere vondt verre.
Svenskane fokuserar på kvalitet Søfteland ser at DN vil gjere noko reelt for å utvikle laksestammane langs kysten, og at dei med sin avgrensa kunnskap ønskjer å utvikle noko heilt anna enn det som finst i dag. -Dersom DN verkeleg ønskjer å revitalisere dei gamle laksestammane må dei sjå nærar på kraftindustrien sine konsesjonskrav, seier Søfteland. Han viser til at krav om utsett av fisk i samband med kraftutbyggingar i Sverige er knytt til kor mange laks som kjem attende til elva. I Noreg er det knytt til kor mange laks som søm ut av elva. I praksis inneber det at svenskane har stor fokus på å ha ein optimal kvalitet på den fisken som vert sett ut.
Inviterar Sollie på besøk Søfteland ønskjer å få til eit samarbeid og inviterar Sollie på besøk til Salmobreed. -Norsk oppdrettsnæring er over 40 år, og vi har jobba med genetikk i om lag 30 år. Vi har dei to største avlsselskapa i verda, og vi sel dei mest ettertrakta genane internasjonalt. Heile denne tida har vi jobba med kunnskapsoppbygging gjennom praksis og forskingsmessig tilnærming, noko som er gull verdt for vitalisering av dei ville lakseressursane i Noreg. Difor meinar eg Janne Sollie må tørre å innleie eit samarbeid med oppdrettsnæringa, og eg inviterar henne til å komme på besøk å vere med å stryke laks før jul, seier Søfteland. Han viser til at ho her får ho snakke med genetikarar og finne ut kva DN og Salmobreed kan gjere saman. -Vi set tross alt på den beste kunnskapen i verda, seier Søfteland. Han meinar det er heilt unødvendig å bygge opp fleire genbankar langs norskekysten så lenge ein har tilgang på verdas beste innfrysingsstasjon for genar på ÅS.
Sparar staten for fleire millionar Eit anna og svært viktig argument for at Sollie skal gå i kompaniskap med Søfteland og Salmobreed er at det kan spare staten for fleire hundre millionar kroner. -Dersom Sollie og Direktoratet for naturforvaltning innleiar eit samarbeid med oppdrettsnæringa på dette område, kan ho få gjennomført prosjektet innanfor eksisterande budsjett og innanfor eksisterande servicetenester som vi har i Noreg, seier Søfteland. Han framhevar til slutt at han håper årsaka til at Sollie vil fryse inn genar er å vitalisere dei mange lakseelvane vi har i Noreg, og her meinar han oppdrettsnæringa har ein kompetanse om å bygge opp målretta oppformeiringsprogram som DN ikkje innehar. Slik sett treng ikkje Sollie mange hundre millionar kroner for Staten, seier Søfteland til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.