
Åsgård vil gjerne forske meir på effekt av reinsing
Trygve Berg Lea i Skretting etterlyser meir dokumentasjon på at reinsing av dei marine oljane i fiskefôret har positiv effekt. Torbjørn Åsgård i Nofima vil gjerne forske meir på dette dersom næringa er interessert i det.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Produktsjef Trygve Berg Lea i Skretting sa tidlegare denne veka til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at ein treng fleire forskingsresultat på bordet dersom det skal vere aktuelt for selskapet å vurdere om reinsing av dei marine oljane i fiskefôret har noko føre seg.
Torbjørn Åsgård i Nofima som har ansvaret for den forskinga organisasjonen har gjort så langt, vil gjerne forske meir på dette området, men han må vite at det er interesse for det. -Vi gjer jo det næringa er interessert i, og dei må jo be om det dersom dei vil ha ytterlegare dokumentasjon, seier Torbjørn Åsgård i Nofima til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Mest logisk med samarbeid Sjølv om resultatet frå det første forskingsprosjektet gav svært så positive resultat både i høve til kvalitet, vekst og miljø, er det ingen som har vist interesse for vidare forsking. Åsgård meinar det mest logiske er at oljeprodusentane, fôrprodusentane og næringsaktørane samarbeidar med forskingsmiljøa dersom ein skal jobbe vidare med dette.
Mindre marine oljar i fiskefôret I intervjuet med Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no viste produktsjefen i Skretting til at fôret som var nytta i den undersøkinga som Nofima har gjort så langt, inneheldt 30 prosent marin olje, og at dette er dobbelt så mykje som ein i dag har i kommersiell produksjon. Difor meinar han effektane ikkje vil vere så store med tanke på vekst som resultatet frå forskingsprosjektet skulle tilsei.
Åsgård er einig med Berg Lea i at effekten ikkje blir like stor når innhaldet av marine oljar er mindre, slik det er i fôret som blir brukt i kommersielt oppdrett i dag. Han veit ikkje kor langt ned ein kan gå med tanke på innhald av marine oljar i fiskefôret før reinsing ikkje har ein effekt, men han framhevar at fisken reagerte svært så positivt på å få fôr med reisa olje og viser til at dokumentasjonen i forsøket var veldig god.