Annbjørg Reiersen

Sjømat på menyen for NHO

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) har både fiskerispørsmål og sjømat på menyen når dei arrangerar sin årskonferanse 2006 på Radisson SAS Scandinavia Hotel i Oslo i dag.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit
"Oppdrag Nord" er tema for årets NHO konferanse, og både fiskeri, olje og samrabeidet med Russland skal diskuterast. På talarlista står mellom anna Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen, direktør i Troika Seafood, Svein Rud, visepresident i NHO, Lisbeth Berg Hansen, direktør i Akvaplan-niva, Salve Dale og leiar for den russiske handledsrepresentasjonen i Noreg, Nikolaievitsj Balashov. Så det er ikkje tvil om at fiskeri- og havbruksnæringa blir sentral på konferansen.
Sjømat på menyen
Men det er ikkje berre det faglege som handlar om nordområda og fisk. Arktisk Meny som er eit prosjekt i regi av Reiselivsbedriftenes Landsforeining i Nord Noreg, har fått ansvaret for menyen på konferansen. Her deltek kokkar frå medlemsbedrifter i heile landsdelen, og råvarer frå nord skal settast saman til ein bufe med omlag 40 rettar. Menyen er i utgangspunktet hemmeleg, men vi fekk lokka ut av prosjektleiar Annbjørg Reiersen at både Macøldampa blåskjel og krøkebærmarinert småkveite med krøkebærsalsa skal glede deltakarane på konferansen.
Stor innteresse
Annbjørg Reiersen seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at interessa for menyen har vore stor både frå media og frå deltakarane på konferansen. Og dersom vi hugsar all medieomtalen konferansen fekk for nokre år sidan då organisasjonen hadde valt å sette krokodillekjøtt på menyen, så er det vel ikkje så rart at interessa for menyen er stor. Men denne gongen fortenar vel ikkje konferansen negativ omtale for menyvalet.
Spanande å delta
Kjell Ivar Nysted Larsen frå Vertshuset Skarven og Arktisk Meny, er ein av kokkane som har ansvaret for menyen under konferansen. Han seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at det er både lærerikt og fagleg utviklande å delta på slike arrangement.
-Det er 16 år sidan eg har jobba på hotell, så det er artig å sjå korleis det føregår i dag. Og så er det jo veldig kjekt å få lov å presentere sjømat frå Nord Noreg under konferansen, seier Larsen.