Skal rydde oppdrettsrot

Naboar krev at Hyllestad kommune ryddar opp etter den fallerte oppdrettsverksemda i Espelandsvatnet i kommunen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Ordførar Harry Mowatt lovar ifølge NRK at kommunen skal ta tak i problemet å rydde. Mowatt seier at dei i første omgang må få avklart kva rettar kommunen har til å gripe inn. - I utgangspunktet burde han som dreiv det rydde opp etter seg. Men visst ikkje det skjer innan rimeleg tid, må kommunen sjå kva vi kan gjere, eventuelt i lag med grunneigarane, seier han til NRK. Anlegget har vore i media fleire gonger dei seinare åra. Fleire gonger rømde det smolt frå anlegget. For to år sidan greip Mattilsynet inn og avliva 70.000 smolt. Seinare gjekk firmaet konkurs, og anlegget blei liggande til forfalls. Styreleiar i det konkursråka selskapet Åfjorddal Smolt Oppdrett AS, Steinar Gjersdal, seier dei jobbar med løysingar for å rydde opp. I mellomtida tek kommunen ansvaret for å rydde opp, så får ansvarsfordelinga kome i etterkant, meiner ordføraren.