Stig Nilsen. Foto: Kari Johanna Tveit

Smaksverkstad med Lerøylaks

Administrerande direktør Stig Nilsen i Lerøy Aurora fekk lage til sin eigen laks då han deltok på Arktisk Meny sin smaksverkstad med lokale produsentar og kokkar på Skarven sitt kulinariske teater i Tromsø i går.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I samband med Arena Nord som er samling for reiselivet i nord med reiselivsdagar, storhushaldningsmesse, kokkekonkurranse og konkurranse om beste nye produkt, arrangerte Arktisk Meny smaksverkstad der lokale produsentar fekk teste ut sine produkt saman med internasjonale og nasjonale kokkar. Lerøy Aurora deltok med laks som var dagfersk då den vart servert etter at produsentane og kokkane hadde jobba saman på kjøkkenet i nokre timar. Kokk og produktutviklar Fredrik Hald i Lerøy deltok saman med Nilsen for å presentere laksen, og han var imponert over kvaliteten. -Eg har ikkje fått testa ut laksen til Lerøy Aurora skikkelig tidlegare, og var veldig spent, men det er jo ikkje vanskelig å vere stolt av ein fisk med så fin kvalitet. Den har fin farge og feittstrukturane er veldig godt balansert, sa Fredrik Hald til Norsk Fiskeppdrett/kyst.no etter produktet var servert. Laksen frå Lerøy Aurora er produsert i Lyngen, slakta på Skjervøy og frakta med Hurtigruta til Tromsø. - Det er kjekt å tenkje på laksen vår som eit lokalt produkt og det var kjempeartig å få vere her saman med andre lokale aktørar som er opptatt av å bruke å presentere ressursane i nord. I tillegg så trefte eg jo både hotellsjefen og kjøkkensjefen frå hotellet på Skjervøy der vi har vår fabrikk, så her er det jo snakk om å skape nettverk mellom aktørar som har god nytte av kvarandre, seier Nilsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Admistrerande direktør Stig Nilsen i Lerøy Aurora og Fredrik Hald som er produktutviklar i Lerøykonsernet jobba godt saman på kjøkkenet
Foto: Kari Johanna Tveit

Hald og Nilsen laga sashimi (rå laks med soya og vasabi), lakseburger og laksesuppe på Arktisk Meny sin smaksverkstad på Skarven kulinariske teater i går.
Foto: Kari Johanna Tveit