
Smolten har klart seg relativt bra det siste ti-året
Havforskar Pål Arne Bjørn gir litt rett både til Arne Nilsen i Orkla Fellesforvaltning og til Brit Uglem Blomsø i FHL i debatten om korleis lakselusa har hatt innverknad på årets villakssesong. Men hovudbilete er at den utvandrande smolten har klart seg relativt bra det siste ti-året.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Pål Arne Bjørn er prosjektansvarleg for lakselusovervaking ved Havforskingsinstituttet og såleis sentral i forskinga på korleis lakselusa påverkar villaksen. I diskusjonen om lusa sin innverknad på smolten som går ut i havet, og korleis dette har påverka årets villakssesong, gir han litt rett både til Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning og til Brit Uglem Blomsø i FHL.
Diskusjonen oppsto då Arne Nielsen tidlegare denne veka sa til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at smolten som gjekk ut i havet i 2010 og 2011 i Midt-Noreg vart utsett for eit hardt lusetrykk, og at dette har påverka årets innsig av smålaks og mellomlaks negativt. Etter hans oppfatning var situasjonen betre i 2009, noko han meina vi kan sjå igjen ved ein god oppgang av stor laks første delen av årets sesong.
Uglem viser på si side til at det har vore mindre lus på oppdrettfisken i 2010 og 2011 enn i 2009, og at ein også må sjå på andre faktorar enn lus når ein skal forklare kva som påverkar lakseoppgangen.

Pål Arne Bjørn meina det er svært viktig å få til synkronisert våravlusing, og han er ueinig med dei som hevdar at lus ikkje er ein trussel for utvandrande laksesmolt.
Synkronisert våravlusing er avgjerande
Men Pål Arne Bjørn ved Havforskingsinstituttet gir litt støtte både til Nielsen og til Uglem sine påstandar. Han viser til at den utvandrande smolten i hovudsak har klart seg godt gjennom det siste ti-året, nettopp fordi oppdrettsnæringa har gjort ein god jobb og klart å halde lusetrykket nede akkurat i den perioden smolten går ut i havet. Uglem har difor rett i at mengda lus på oppdrettsfisken har vore redusert dei to siste åra. Men i nokre områder har ikkje oppdrettarane treft så godt med avlusingstidspunktet som ein kunne ønskje, og dette gjeld mellom anna i området der Orkla-laksen går forbi.
- På grunn av den synkroniserte våravlusinga har det i hovudsak gått bra med den utvandrande laksesmolten, men dei siste åra kan det sjå ut som ein har bomma litt med tidspunktet i nokre områder. Det gjeld i Hardangerfjorden, i Sognefjorden og heilt ute i Trondheimsfjorden, seier havforskaren til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Lusa påverka
Men sjølv om Pål Arne Bjørn gir oppdrettarane ros for at dei har vore flinke å synkronisere våravlusinga, så er han ikkje einig med dei som hevdar at lus ikkje er ein trussel for utvandrande laksesmolt.
- Den dagen ein ikkje klarer å halde lusetrykket nede når smolten vandrar ut, så trur eg lus har ein betydeleg populasjonsregulerande effekt på bestanden, seier Bjørn.