
Spesielle mogelegheiter for oppdrettstorsken
Steinar Olaisen i Nova Sea meinar oppdrettstorsken berre kan vere eit supplement for villfisknæring, men Bjørn Simonsen i Sponfish er ikkje einig .-Oppdrettstorsken gir spesielle mogelegheiter ute i marknaden som vi må utnytte, seier Simonsen.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
I sitt innlegg under Landsdelsutvalet sin fiskeri- og havbrukskonferanse i Bodø sist veke sa Steinar Olaisen at torskenæringa ligg med broten rygg, og at det vil ta tid før den er på beina igjen. Han håpa nokon av dagens aktørar overlever, men ser framtida for oppdrettstorsken berre som eit supplement til villtorsken.
Bjørn Simonsen i Sponfish er naturleg nok ikkje einig med Olaisen. Han framhevar at oppdrettstorsken kan leverast superfersk med høg kvalitet og lang haldbarheit, noko som reduserar svinn og opna difor nye mogelegheiter ute i marknaden. -Det inneber at den ikkje berre vil vere eit supplement for villtorsken. Det handlar om å kunne planlegge og ha eit produkt som er tilgjengeleg heile året, noko som er svært viktige kriterium i større marknadssegment. Oppdrettstorsken har føresetnadar for å brøyte ny mark også for villtorsken, seier Simonsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.
Ein jobb å gjere for begge næringane Simonsen meinar torskenæringa har det spesielt tøft i desse tider fordi ein er i en svært tidleg fase som inneber at ein ikkje har fått utvikla dei marknadskanalane ein treng. Men på dette området meinar han både oppdrettsnæringa og villfisknæringa har ein jobb å gjere.
Naturleg med restrukturering I sitt innlegg sa Olaisen at han håpa nokon av aktørane overlever krisa, og det trur Simonsen vil gå heilt bra. -Det er heilt klart at nokon av oss vil vere med igjennom denne vankelege perioden, og vi vil vere i ein heilt anna situasjon om ikkje så altfor lenge. Det vil skje ei restrukturering i næringa., noko som skjer i alle næringar og som er heilt naturleg. Når vi går igjennom vanskelege tider vert vi meir effektive og vi bli meir opptatt av kva marknaden vil ha, framhevar han. Justerar farten Sponfish har valt å justere aktivitetane etter situasjonen næringa er inne i, men det betyr absolutt ikkje at ein gir opp. -Vi justere farta i høve til at vi har vanskelege tider, men vi har stø kurs. Vi har utvikla ein verdikjede som vil gi oss store føretrinn, og vi utviklar nye konsept på produkt og marknadssida som gjer oss meir effektive. Men vi har sett ned tempoet litt ut frå at omgjevnadane er vanskelege og at det er vanskeleg å få finansiering, seier Simonsen.