Spår prisen over 50 kroner

Fiskeanalytiker Samir Bendriss i ABG Sundal Collier trur lakseprisen stig til over 50 kroner i sommar.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er lite tilgjengeleg fisk og Bendriss trur høg etterspurnad gjer at prisen vil auke utover sommaren. -Frå våre kontaktar høyrer eg at spottprisane er i ferd med å nå 48-49 kroner denne veka. Dei neste vekene forventar eg at prisane vil stige ytterlegare, og at vi kjem til å passere 50 kroner, seier Bendriss til NA24. Bendriss trur prisen vil halde seg svært høg heilt fram til slutten av august. -Då begynne oppdrettarane å slakte på neste generasjon, noko som medfører høgare volum og ein sesongmessig nedgang i prisen, seier Bendriss til NA24.