Prislaks laksepris lakseprisbilde

Stabil pris for fersk laks

Gjennomsnittsprisen for fersk laks heldt seg stabil sist veke, men vi hadde ein sterk nedgang i eksportert volum, syner tal frå Statistisk sentralbyrå

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Gjennomsnittsprisen for fersk laks i veke 17 enda opp på 24.90 kroner kiloet, noko som er akkurat den same prisen som i veke 16. Eksportert volum av fersk laks gjekk ned frå 7 282 tonn i veke 16 til 6 057 tonn i veke 17. Gjennomsnittsprisen for frosen laks auka frå 25.03 kroner kiloet i veke 16 til 25.94 kroner kiloet i veke 17. Eksportert volum av frosen laks auka frå 509 tonn i veke 16 til 748 tonn i veke 17.