Startar fiskeoppdrett i Afrika

Hauge Aqua i Storneset på Hjelmås vil ikkje berre drive oppdrett i Noreg, men satsar på å starte opp i Afrika.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Firmaet blei etablert i 2012 og er eigd av brørne Arthur og Cato Lyngøy, samt Audun Andreas Dahl.

– Selskapet vaks ut av ein draum om å bruka kompetansen til noko meir, og om å flyga på eiga hand. Nokon kallar det eit kall, seier Cato Lyngøy til nh.

Lyngøy slutta i jobben sin hjå Marine Harvest i mai i fjor, etter å ha jobba ulike stader i havbruksnæringa sidan 1988.

– Eg hadde ikkje trong til Afrika i det heile. Men ein tremenning, som har jobba med å etablera mikro-finans i Burundi sidan 2008, har sagt mange gonger at dei treng oppdrett til matproduksjon. Om eg skulle ta eit så stort sprang, måtte eg vita at det var meir enn eventyrlyst. Noko Gud har bekrefta på ulikt vis, seier han.

Han og kona hadde sin første tur til Burundi, i mars i fjor.

– Allereie på andre turen i oktober inngjekk vi avtale med myndigheitene om å vera deira partnar om å utvikla oppdrett i Burundi, seier han.

– Vi trur at å etablera berekraftige verdikjeder og læra dei forretning, er den beste måten å hjelpa menneske på. Vi tilbyr dei stegvis opplæring, men dei må sjølv velja å nytta den, seier han.

Fisken det skal drivast oppdrett på er Tilapia som er ein fisk som finst i alle innsjøar midt inne i Afrika. Fiskeria i området har redusert med 50 % dei seinare åra og Lynøy meiner det er gode moglegheiter både der og i Noreg.

– Til forskjell frå laks er tilapia ein vegetarianar, og vi kan dermed skapa forretning i lokal råvareproduksjon til fôret. Får vi til eit berekraftig oppdrett, kan det bli mykje god forretning for veldig mange. Vi nådde ikkje opp i konsesjonsrunden no. Difor vert Afrika meir aktuelt, der er det opne dører til tusen, seier Lyngøy.