Åshild Nakken

Sterk utvikling i Kina

I Europa finn ein omlag 600 hypermarknadar. I Kina er det så langt bygd ut 1200 hypermarknadar, og planen er å bygge ut 700 til dei nærmaste åra i det folkerike landet med den enorme veksten. Dette skaper muligheiter for norsk laks.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Kina har ein økonomisk vekst på omlag 10 prosent i året. Det skjer ei enorm urbanisering og middelklassen som i dag er på omlag 130 millionar menneske kjem til å auke til omlag 300 millionar innan fire år. Laksen føl detaljistkjedene No bur omlag 800 millionar av 1,3 milliardar innbyggjarar på landsbygda, men urbaniseringa skjer raskt og i tillegg til nasjonale kjedar er nesten alle dei internasjonale detaljistkjedene no etablert i Kina. Utbygginga har starta i beltet langs kysten i aust og så spreidd seg innover i landet. -Desse kjedene er også opptatt av hygiene og det er viktig å vere til stades å få inn norsk sjømat, seier Åshild Nakken som er utsending for Eksportutvalet for fisk i Kina til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Ein langsiktig marknad EFF har vore i Kina sidan sidan 1998 og sjølv om ein ikkje kan snakke om like høge volum som i ein del norske nærmarknadar, så er det eit viktig land for norsk laks. Så langt har EFF jobba med om lag 350 hypermarknadar i tillegg til restaurantar, kokkekonkurransar og ulike kampanjar. -Vi har oppnådd ein del i denne tida, men dette er eit land som det er viktig å tenkje langsiktig på, seier Nakken og legg til at Noreg er kjend for laksen, men ein del kjenner også til Ibsen. Stor eksportauke I heile 2006 vart det eksportert 5100 tonn laks til Kina. Dette var ein auke på 40 prosent frå året før. Så langt i år er det eksportert godt over 6000 tonn laks det folkerike landet i aust. Verdiauken i eksporten til Kina ligg på 5,5 prosent i høve til 2006.