Rune Stigum Olsen

Styresmaktene hindrar miljøarbeidet

Havbruksnæringa etablerer nettverk for å løyse problemet med lakselus og samarbeidar med myndigheitene om "NYTEK" som skal hindre rømming. Styresmaktene svarar med å innføre andre runde av nasjonale laksefjordar og vassdrag, og stoppar midlar til luseteljingsprosjekt.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Det er uforståeleg at myndigheitene kjøyrer denne laksefjordsaka no, seier Rune Stigum Olsen i Hardanger Fiskehelsenettverk
Kari Tveit Problem med rømming og med lakselus har vore dei viktigaste argumenta for å innføre ordninga med nasjonale laksefjordar og vassdrag. Første runde med vern av 21 nasjonale laksefjordar og vassdrag er gjennomført og no ligg det inne forslag om å verne 10 fjordar og 16 vassdrag til. Planen er at andre runde skal settast i verk utan at det er gjennomført ei evaluering av resultatet frå første runde. -Vi har etablert fiskehelsenettverk og arbeidar med ulike tiltak for å redusere problemet med lakselus. I tillegg er vi inne i ein fase no der kvar einskild oppdrettar har utlegg i hundretusenkroners klassen med å innføre duglegskapsbevis og produktsertifisering som skal hindre rømming. Difor er det uforståeleg at dei køyrer på med denne laksefjordsaka no. La oss få arbeidsro og evaluere tiltaka våre, seier Rune Stigum Olsen i Hardanger Fiskehelse Nettverk (HFN) til kyst.no. Stoppar finansieringa For 14 dagar sidan kom det fram at Direktoratet for naturforvaltning (DN) vil stoppe finansieringa av luseteljing på sjøaure. Bergens Tidende skreiv sist laurdag at DN meinar dette er ei sak for Mattilsynet. Mattilsynet på si side har ikkje midlar på årets budsjett og Martin Binde i Nasjonalt senter for fisk og sjømat, meinar at saka må løysast mellom Miljøverndepartementet og Fiskeri- og kystdepartementet. HFN samarbeidar med forskingsinstitusjonane om å finne fram til kva tiltak som skal til for å løyse problemet med lakselus og kan vise til svært gode resultat. -Luseteljinga på sjøaure er den beste indikatoren på eit fjordsystem sine luseplagar og i fjor var situasjonen for sjøauren i Hardangerfjorden mykje betre enn andre stadar, dette til tross for lite ferskvasstilrenning i fjorden. At ein no vel å kutte ut denne delen er svært underleg. Av alle år burde ein i alle fall hatt dette på plass i år sidan det føregår så mykje forsking på lakselus. Det ville styrkja resultata våre, seier Stigum Olsen. Evaluering er viktig Bellona kom nyleg med sin årsarapport som framhevar at havbruksnæringa har store utfordringar i høve til miljøarbeidet, medan NYTEK-forskrifta som vart sett i kraft frå første april i år, vert lovprisa. -Dette synleggjer at næringa viser vilje til å løyse miljøproblema, og då må ikkje myndigheitene motarbeide oss ved å skjere ned på midlar til luseteljing og sette i verk vernetiltak som ein ikkje sikkert veit at verkar etter målsettinga, men som ein derimot veit vil skape økonomiske problem for næringa. Nokre typar forsking har ei særs viktig rolle, ikkje berre lokalt, men også nasjonalt. Evaluering av tiltak for å løyse problema med lakselus og rømming i havbruksnæringa er blant desse, og her bør det faktisk ikkje stå på pengar. Ein bør sette inn dei ressursar som trengs for å få konklusjonane så korrekte som mulig. Noko anna vil både villfisknæring, oppdrettsnæring og heile Noreg tape på, seier Stigum Olsen til kyst.no les også

Rune Stigum Olsen