
– Sunnmørsposten og Fylkesmannen må forklare seg
- Her er det fleire som har belasta integriteten sin blytungt, seier Øyvind Kråkås i Salmon Group AS i ein kommentar til påstandane om observasjonar av oppdrettslaks i fleire elvar på Sunnmøre som var framsett tidlegare i sommar. Han forventar at Sunnmørsposten og Fylkesmannen kjem fram og avklarar sine roller i denne saka.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Øyvind Kråkås i Salmon Group meinar det er mange som bør komme på bana og forklare sine roller etter at det vart sett fram påstandar om store mengder oppdrettslaks i fleire elvar på Sunnmøre tidlegare i sommar.
I ettertid er det avklart ved hjelp av DNA-analyse at det var villaks og ikkje rømd oppdrettslaks fritidsfiskarane på Sunnmøre fekk på kroken, men Kråkås meinar likevel at påstandane om oppdrettslaks, rømming og krav om nedbygging av næringa ikkje skal få lov å gå forbi i det stille.
Bør sjekke kjeldene Han reagerar mellom anna på professor Sigurd Stefansson ved Universitetet i Bergen si uttaling ovanfor avisa Sunnmørsposten om at det var heilt usannsynleg at dette kunne vere villaks. Sjølv om det i ettertid har kome fram at den eine av dei to fiskane som journalisten i Sunnmørsposten sende bileter av til Stefansson, var tatt av den laksen som var dokumentert som oppdrettslaks, så meinar Kråkås at ein professor på Universitetet bør kontrollere grunnlagsmaterialet og kjeldene betre før han kjem med slike uttalingar.
Må forklare seg Når det gjeld uttalingane frå Stefansson, så håpar Kråkås at han har lært av sine feil, men når det gjeld Fylkesmannen og avisa Sunnmørsposten sine roller i denne saka, så forventar han ei forklaring på kva som faktisk har skjedd. Han trur det heile handlar mest om eit ønskje om å skade oppdrettsnæringa. - Denne saka luktar verre og verre. Vi ser her at ein forskar med stor tillit blir nytta i eit spel der han på syltynt datagrunnlag blir sitert på at den gode oppgangen av laks må skuldast rømming frå oppdrett. Desse interessene har kunn vore ute etter oppdrettsnæringa, utan noka eigentleg sut for villaksen, seier Kråkås til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.
Les også:
Laksen i Sunnmørselvane var ikkje oppdretta
Tolka samanveksingar i bukhola som vaksineskader
- Ikke for tidlig ute med noen konklusjon