Laksefella i Etne. Foto: Etne elveierlag.

– Svekkjer tillita til næringa

Ingen vil vedkjenne rømminga i Hardanger, det er svært provoserande og svekkjer tillita til næringa ytterlegare, seiar Vidar Børretzen, leiar i Etne Elveeigarlag.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Therese Soltveit

- Det er på nytt ein bekrefting på at rømningsituasjonen er ute av kontroll. Eg føler meg temmelig sikker på at nokon der ute veit noko om denne siste rømminga, legg han til. 

Les også: Frykter konsekvensene av rømt laks

Sidan Fiskeridirektoratet varsla om rømd oppdrettslaks i Hardanger er det per. 21 juli fanga 71 rømlingar i aktuell størrelse i Etnefella . Til samanlikning var det på same tidspunkt i fjor fanga 17 stykk, og i 2013 berre åtte stykk, viser tal frå elveleiarlaget. 

Svekkar tilliten

- Det umiddelbare strakstiltaket er å få på plass eit system for merking og sporing, der fleire metodar er kjende og utprøvde, seier Børretzen, til kyst.no

Han meinar at det gjennom heile våren og førsommaren har det vore heilt ideell vassføring, slik at det har vore gode forhold for oppvandring av fisk.

- Det er to forhold som understrekar alvoret i situasjonen. Det fyrste er at det i dette tilfellet er tale om stor fisk som allereie har utvikla stor rognpose, og som vil gyta i elvane til hausten. Det andre er at ingen vil vedkjenna seg røminga. Dette siste er svært provoserande og svekkjer tillita til næringa ytterlegare, seier Børretzen.

Les også: Alt tyder på en ny lakserømming i Hardangerfjorden

Krav om merking

Børretzen meinar Fiskeridirektoratet har ein vanskelig jobb, og får truleg lita støtte og drahjelp.

- Etter mi meining gjer FD ein god jobb med tanke på informasjon og undersøking. Hadde me no hatt ei merkeordning hadde dette forenkla deira arbeid. Kravet om merking forsterkar seg for kvar røming. Det er ikkje teken rømd oppdrettslaks i fella som er merka eller klyppt, men det skulle den vore, meinar han.

Les også: Laksefellen i Etneelva fanger rømlinger på løpende bånd

- Det umiddelbare strakstiltaket er å få på plass eit system for merking og sporing, der fleire metodar er kjende og utprøvde. Her manglar det berre vilje til gjennomføring. Det andre meir langsiktige tiltaket er lukka anlegg, meinar han.

Leiaren seier at det ikkje er noko nyheit at oppdrettslaks rømmer, men snarare historia som gjentek seg, gong etter gong.

- Når omfanget i tillegg vert forsøkt bagatellisert av oppdrettsindustrien, trur folk etterkvart at det er slik det skal vera, og godtek dette. Med dagens teknologi og med myndigheitene sitt mål om dei seks dobling av produksjonen, må me i framtida vera førebudd på ein situasjon med aukande rømingstal.

Krever ryggrad

Børretzen meinar at før ein har kontroll på lakselus og røming med dagens volum, må ikkje volumet aukast dersom begrepet bærekraft skal ha truverde. Her kreves ryggrad og handlekraft hjå myndigheter og politikarar.

- Ut frå erfaring veit me at det meste av rømlingane kjem opp i elva utover hausten. Samla for fjoråret vart det i Etneelva fanga 296 rømlingar, og i 2013 heile 179 stykk.

Elva er no stengd for fiske slik at det kun er i fella at det vert registrering av oppegåande fisk. I fjorden har Børretzen ikkje høyrt om fangst av rømlingar.

Les også: Planlegger utfisking i Hardanger

Elles gode tal

- Elles så peikar tala for tilbakevandring av vill-laks og aure til Etneelva i ein positiv retning hittil i år. Per dags dato har 724 villaks og 496 aure passert fella, medan tala på same tid i fjor var 173 villaks og 177 aurer.

Les også: Stor oppdrettslaks på rømmen i Hardangerfjorden

- Det mest interessante er å samanlikna tilbakevandringa med 2012 som var eit meir normalår for dei siste 20 åra med ei tilbakevandring på 2200 villaks. Årets tilbakevandring på 724 er er med andre ord. tredjeparten av kva som vil vera det normale for Etneelva, meinar Børretzen.

- No håpar me på god tilbakevandring resten av sesongen slik at me får ein solid gytebestand som kan vera med å sikra framtida for Etnelaksen. I fire av dei seks siste åra har elva etter initiativ frå elveigarane vore stengd for fiske, slik at all tilbakevandrande villaks vert sett inn i produksjon av yngel. Då står det igjen å sjå om yngelen overlever sjøfasen, avslutter han. 

Fakta om Etneelva:

  • Elva har ein fiskbar strekning på rundt 13 km. Derav 70 fiskerettseigarar.
  • Årleg fiskekortsal er på 1,3 millioner kroner. Etneelva oppnådde ikkje gytebestandsmålet på 570 fisk sjølv ved å fråsto frå fiske i fjor.
  • Elva har over 100 år lang tradisjon som sportsfiskeelv.
  • I gode tider var fangsten opp imot ni tonn årleg. Snitt dei siste 20 åra er på cirka. 3,5 tonn laks.
  • Hittil i år har det passert 374 villaks forbi fella noko som er halvparten av eit normalår.
Vidar Børretzen, leiar i Etne Elveeigarlag, fangar rømlingar på løpande bånd i Etneelva si laksefelle. Foto: Vidar Børretzen.
Laks med stor rogn fanga i Etneelva. Foto: Vidar Børretzen