Auka fokus på torsken var målet då Eksportutvalet for fisk og Norges Råfisklag inviterte skodespelarar i filmen "Tatt av kvinnen" til kokkelering og prøvesmaking på Skarven i Tromsø denne veka. -Torsken har ei rolle i filmen og vi ønskjer å forsterke denne, seier Tove Sleipnes i Eksportutvalet for fisk til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no
Kari Johanna Tveit Denne veka har filmen "Tatt av kvinnene" som byggjer på boka til Erlend Loe, med regissør Petter Næss première. I den samanheng arrangerte Eksportutvalet for fisk og Norges Råfisklag i samarbeid med Tromsø Kino ei ekstravising for presse og kokkelering med prøvesmaking på Skarven kulinariske teater etterpå. Målet for Eksportutvalet for fisk og Norges Råfisklag er å hente ut ekstra merksemd for torsken under lanseringa av filmen. På Skarven fekk filmfolket opplæring i filetering av fiskarar frå Norges Råfisklag og dei fekk vere med teatersjef Katrine Jensen å lage eit torskemåltid til seg sjølve og pressa. -Eg må innrømme at dette er eit risikoprosjekt sidan vi ikkje veit om filmen vil slå an, men dersom vi skal hente ut det maksimale frå lanseringa, var vi nøydde å planlegge på førehand, seier Sleipnes og legg til at positiv omtale av torsken frå kjende skodespelarar og eit positivt bilete av torsken på netthinna for dei som går og ser filmen, kan gi ei ekstra merksemd for eit viktig norsk sjømatprodukt. Etter filmfolket hadde fått lære om filetering av kyndige fiskarar, om kokkelering frå teatersjef Katrine Jensen og pressa hadde fått sine bilete, var det prøvesmakinga som sto for tur. Og sjølv om Jensen måtte heve stemma for å få hobbykokkane til å jobbe så fort at maten ikkje blei kald, så blei det servert eit måltid som skodespelarane seint vil gløyme. -Dette er det beste torskemåltidet eg nokon gong har smakt sa skodespelar Trond Fausa Aurvåg til Norsk Fiskeppdrett/kyst.no etter måltidet. Han var også veldig fornøgd med at det var ein enkel rett med råvarer som er lett å få tak i og han var overbevist om at oppskrifta kjem til å bli mykje brukt i heimen i ettertid.
Trond Fausa Aurvåg og Mariann Saastad Ottesen har to av hovudrollene i "Tatt av kvinnen"
Fiskar Johnny Caspersen lærer Trond Fausa Aurvåg og Mariann Saastad Ottesen korleis torsken skal skinnast.
Pannestekt torskerygg med nordnorske grønnsaker, soyasmørsaus og potettårn er det beste torskemåltidet skodespelar Trond Fausa Aurvåg nokon gong har smakt
"Hobbykokkane" var stolte over produktet sitt. Frå venstre regissør Petter Næss, fiskar Robert Hansen, skodespelarane Trond Fausa Aurvåg og Mariann Saastad Ottesen, produsent Olav Øen, teatersjef Katrine Jensen og fiskarane Hilmar Blikø og Johnny Caspersen