
-Tran og omega 3 er ikkje farleg
Professor Bjarne Østerud ved Universitetet i Tromsø framhevar at det ikkje er farleg å få i seg omega3 slik overskrifta i Dagbladet i går kan tolkast. Overskrifta var i fylgje Østerud tatt heilt ut av sin samanheng.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Hovudoverskrifta i gårdagens Dagblad gav inntrykk av at omega3 kan vere skadeleg for helsa, men dette er i fylgje Bjarne Østerud heilt feil tolking av det han har sagt i intervjuet. -Eg prøvde å få fram at det er viktig å få i seg antioksidantar når ein tek reinsa tran, eller andre omega3 produkt, seier Østerud til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no Poenget til Østerud er at alle marine oljar som vert nytta i kosttilskot vert reinsa for pcb og dioksinar, slik det er lovpålagt. Men i denne prosessen forsvinn også ein del av antioksidantane som vernar produktet mot oksidering, og han framhevar difor at det er viktig at folk får i seg tilstrekkeleg med antioksidantar frå andre kjelder som eksempelvis grønsaker eller olivenolje når ein tek kosttilskot med omega3.