
– Treng nye avlusingsmetodar
Bruken av nær alle legemiddel mot lakselus aukar. Samstundes tyder undersøkingar på at lusa klarer seg stadig betre mot legemidla, skriv NRK
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
– Situasjonen er urovekkjande. Vi ser ei auke i graden av resistens, eller nedsett følsemd mot dei medikamenta som vanlegvis blir brukt mot lus. Når vi ikkje greier å ta knekken på lusa, så held den fram å formeire seg og smittepresset aukar. Det er negativt for både oppdrettsfisk og villfiskseier fagansvarleg for fiskehelse, Anne-Gerd Gjevre i Veterinærinstituttet til NRK.
I tillegg til kampen mot lusa hadde 21 prosent av oppdrettsanlegga i Sogn og Fjordane i fjor amøbar på laksen. Fylket har òg dei siste åra hatt færre tilfelle av PD.
– No i første halvår av 2015 har vi uheldigvis hatt ein auke av tilfelle i Sogn og Sunnfjord, medan i Nordfjord er det framleis ein relativt positiv situasjon, seier Atle Lillehaug ved Veterinærinstituttet til NRK.
Det er påvist eller mistanke om PD ved ni lokalitetar i Sogn og Fjordane så langt i 2015.
– Det er framleis langt unna situasjonen i Rogaland og Hordaland, og oppdrettarane lever med PD der òg. Men det er betre å leve utan PD, enn med, seier Lillehaug.
Gjevre seier det trengst andre metodar enn legemiddel.