Jan Seiring

Trur på meir oppdrett i nord

Jan Seiring i Akvaplan Niva trur produksjonen av laks og aure i nord vil auke. Men det er heilt klare føresetnadar som må på plass for å få det til.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Med utgangspunkt i skisserte tildelingsregime frå Regjeringa si side, presenterte Jan Seiring i Akvaplan Niva senario for framtidig oppdrettsaktivitet i nord på Landsdelsutvalet sin fiskeri- og havbrukskonferanse i Bodø sist veke. Han trur på vekst i oppdrettsnæringa i den nordlege landsdelen, men det vil bli lagt heilt klare føresetnadar til grunn for at det skal skje.

Sentrale faktorar som vil påverke oppdrettsaktiviteten i framtida er klimaendringar, sjøtemperaturar, sjukdomssituasjonen, lokalitetsstrukturen, arealtilgangen og tildelingar av konsesjonar.

Ekstremvær kan påverke Når det gjeld klimaendringar trur ikkje Seiring dette vil bli ein avgjerande faktor for lokalisering av oppdrettsaktiviteten den nærmaste hundre år. -Målingar syner at vi vil få ein gjennomsnittleg auke på to til fire grader i denne perioden, og det vil ikkje vere avgjerande for lokalisering av produksjonen. Men ekstremtemperaturar kan få innverknad dersom det slår inn ofte, sa Seiring til forsamlinga.

Mindre problem med sjukdom Seiring trur ikkje sjukdomsproblem vil få avgjerande innverknad på oppdrettsaktiviteten i framtida. Problema med dei mest alvorlege bakteriesjukdomane er løyst, og problema med ILA, PD og lakselus vil truleg løysast med vaksiner og driftstiltak. I fylgje Seiring vert utfordringane på dette området å kontrollere sjukdomssituasjonen med utgangspunkt i eit stadig aukande tal på konsesjonar og fleire lokalitetar med større belastning.

Lokalitetsstrukturen blir viktig Men han trur lokalitetsstrukturen vil få mykje å sei for næringa i nord. Her er det viktig å tenkje på transport når ein plasserar lokalitetane. Strukturen vert påverka av talet på konsesjonar, samlokalisering og den biologiske bereevna for lokalitetane i området.

Tilgang på areal vil ha innverknad på kvar oppdrettsaktiviteten vil auke mest, og her meinar Seiring at Nord Noreg har klare føremoner i høv til resten av landet, og han trur veksten blir størst i nord.

Rogn kan bli ein flaksehals Vidare trur Seiring at tilgangen på rogn kan bli ein flaskehals for at oppdrettsnæringa skal vekse slik mange håpar. Tidlegare var det fordelt stamfiskkonsesjonar langs heile kysten, men i dag er det berre to hovudprodusentar, og begge desse er privat eigd.

Han trur også at offentleg forvaltning vil ha stor innverknad på kva som skjer i oppdrettsnæringa i framtida, og ein vil vere fullstendig avhengig av at det føreligg kystsoneplanar som kan ivareta brukarane sine interesser og bidra til å minimalisere konfliktar.

Kompetanse blir avgjerande Til slutt påpeika Seiring at det vil bli stort behov for folk med kompetanse og at utdanningsinstitusjonane ikkje må leggast ned. I tillegg trur han det vil vere heilt avgjerande å styrke talet på sakshandsamarar. -Vi er heilt avhengig av større sakshandsamarkapasitet for å komme i hamn med denne utviklinga, sa Jan Seiring til forsamlinga på Landsdelsutvalet sin fiskeri- og havbrukskonferanse i Bodø.