
Åtte millionar til kommunikasjon
Trondheim: Styret i FHL har sett av åtte millionar kroner for å auke innsatsen innanfor kommunikasjon og informasjon - Det er ikkje nok, men det er ein god start, seier Sveinung Sandvik i FHL.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Styret i Fiskeri og havbruksnæringas landsforeining har vedtatt å sette av åtte millionar kroner for å auke innsatsen på kommunikasjon og informasjon. Det kom fram på første del av organisasjonen si generalforsamling som blir arrangert i Trondheim i dag og i morgon. Sveinung Sandvik i FHL innrømmer at organisasjonen er seint ute i høve til å ta tak i det han kallar dei feiloppfatningane om næringa som har fått bygd seg opp, men han meinar likevel at vedtaket om å sette av åtte millionar kroner til kommunikasjon og informasjonsarbeid er ein god start. Han lovar også at medlemmane vil sjå eit taktskifte i høve til informasjonsarbeidet.
I debatten på generalforsamlinga la også oppdrettssjef Geir Magne Knutsen i Bremnes Seashore fram eit forslag om at FHL skal utgreie behovet for det han kallar ein statistikksentral som mellom anna skal samle og systematisere forskingsrapportar til bruk for media og andre.