Åtvarar mot sjømat frå Høyangerfjorden

Ei ny undersøking viser høge verdiar av tungmetall i blåskjel i Høyangerfjorden. Difor åtvarar Mattilsynet mot konsum av blåskjel, fiskelever og brun krabbeinnmat frå innerst i Høyangerfjorden og ut til ei rett line frå Nordeide til Måren.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Sidan datagrunnlaget for rådet er svært avgrensa, er dette rådet å rekna som mellombels. Det er behov for fleire undersøkingar, og Mattilsynet er i dialog med Statens forurensningstilsyn (SFT) om å gjennomføre nærare undersøkingar. Det trengs for å kunne gje eit betre og meir presist kosthaldsråd, ikkje minst kor langt ut i fjorden ein må gå for at blåskjel og annen sjømat er trygg, melder Mattilsynet. Gamle utslepp I september 2006 slapp Eras Metal AS i Høyanger ved eit uhell ut ca 4000 kg sinkoksid som innehaldt 130 kg bly rett i Høyangerfjorden. Bedrifta vart pålagt av SFT å ta ut miljøprøver av sediment og skjel for å sjekke konsekvensen av utsleppet. Det viste seg at dei fann svært høge verdiar av bly og kadmium i blåskjel. Desse høge verdiane skuldast neppe utsleppet i oktober, og mest sannsynleg skuldast det gamal forureining frå annan industri i området. Helseeffekt av bly og kadmium Mattilsynet har vore i kontakt med Nasjonalt institutt for sjømat og ernæring (NIFES) for å vurdere dei helsemessige effektane som bly og kadmium i sjømat kan ha generelt. Bly og kadmium er tungmetall som samlar seg opp i kroppen. Dei viktigaste helsemessige effektane av langtidsinntak for låge doser av bly er verknader på nervesystemet. Små barn og fosteret er mest utsett. Kadmium samlar seg i nyrene, og det er difor nyreskadar ein er mest utsett for ved inntak av kadmium over tid.