– Uansvarleg med vekst før ein har rydda opp i dagens problem

Nærings og fiskeridepartementet skriv i ei pressemelding 7. september at 9 av 10 oppdrettarar vil søkje om å auke kapasiteten på fem prosent. Natur og Ungdom meinar dette er eit stort steg i feil retning.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

- Aspaker ikkje tar dagens situasjon på alvor,"berekraftig vekst" blir eit slagord blotta for innhald. Det er uansvarleg overfor kysten vår å la næringa vakse før ein har rydda opp i dagens problem, seier nestleiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord.

Natur og Ungdom meinar gjennom årene er det dokumentert ein klar samanheng mellom talet på fisk og lus, og luseproblemet har auka med veksten i næringa. Det er også dokumentert ein samanheng mellom dei fylka som slit med lakselus, og dei fylka med mest oppdrett.

- For å få fram prosentvekst må lakselusnivået senkast til 0,1 holus per fisk. I dag ligg grensa på 0,5.

Les også: Ni av ti seier ja takk til vekst

Natur og Ungdom meiner det er ein fare for at tilbodet om vekst som regjeringa legg fram ikkje vil føre til nye, teknologiske løysningar for å løyse problemet

- Oppdrettarane vil rekne på om det lønnar seg å tene meir på å ha meir fisk, men ha større utgifter knyta til miljøkrava. For å få bukt med dagens problemar vil det mest effektive vere å stille strenge krav til heile næringa og alle oppdrettarar, seier Eiterjord

- Dagens problemar omfattar dessutan ikkje berre lakselus, men også rømming, virus, resistens og tilgang på berekraftig fôr. Desse problemstillingane har ikkje Aspaker svart på, og dermed er dette eit steg i feil retning for å skape ei miljøvennleg oppdrettsnæring, avsluttar nestleiaren.