Fredrik Hauge

Ultimatum til lakseoppdrettarane

Oslo: -Rømming er oppdrettarane sitt ansvar, og dersom problemet no ikkje blir løyst, er det slutt på vår støtte. Dette er ikkje eit råd, det er eit ultimatum, sa Frederic Hauge i Bellona til deltakarane på generalforsamlinga i FHL i Oslo onsdag.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit
Frederic Hauge snakka både om oljeboring, reinsing av oljen i fiskefòret, bruk av genemodifiserte planteråvarer i fôret og den russiske importstans av fersk fisk frå Noreg i si innleiing på generalforsamlinga i FHL onsdag. Men han var aller mest klar og tydelig i talen når det gjeld rømmingsproblematikken.
-Vi har forsvart havbruk og oppdrett i lang tid, men no er eg lei. Næringa har ikkje klart å få orden på problema med rømming, og dersom dette ikkje er på plass når vi møtes her neste år, så er det slutt på vår støtte, sa Hauge til deltakarane på generalforsamlinga i FHL.
 
Berre å komme i gang med reinsing
Hauge var klar på at dei russiske prøvane som viste eit altfor høgt innhald av bly og kadmium i norsk oppdrettslaks var feil, men han meinar næringa burde vore meir provaktiv for å få dokumentasjon på bordet. Og ein diskusjonen om det er nødvendig å reinse oljen som vert brukt i fiskefôr for dioksina og pcb var han ikkje interessert i.
-Det er berre å komme i gang å få gjort det, sa Hauge.
Genimodifiserte planteråvarer
Bruk av genimodifiserte planteråvarer i fiskefôr har vorte eit tema etter at FHL sende eit brev til Mattilsynet med ønskje om å få godkjent 25 ulike genimodifiserte planteråvarer. Hauge innrømte at han ikkje veit så mykje om dette, men han trudde det ville vere svært uklokt å få denne diskusjonen på toppen av alle problema ein har hatt i det siste.
Må produsere mat
Sjølv om Frederic Hauge var hard i talen til lakseoppdrettarane, så var han også klar på at oppdrettsnæringa har ei framtid.
-Det er viktig at vi produserar mat her i landet, sjølv om ikkje alle i miljøbevegelsen har fått det med seg, sa Hauge.