Usemje mellom sør og nord
I går melde NRK om fiskarar i Rogaland som klagar på kvaliteten på sei som går nær oppdrettsanlegg og et laksefôr. Fiskarar i nord er heilt uenig i at kvaliteten på denne seien er dårleg.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Fiskarar i nord meinar det er heilt feil at sei som har ete laksefôr har dårleg kvalitet.
-Når eg skal ha seimølje, så føretrekke eg fisk som er fanga nær oppdrettsanlegg. Denne fisken er feitare og har betre smak enn anna sei. Det seier fiskar Arthur Jacobsen frå Senjahopen på Senja i Troms til NRK.
Jacobsen har fiska ved oppdrettsmerdene i over 15 år, og stiller seg heilt uforståande til påstanden frå fiskarane frå Rogaland som hevdar det er dårleg kvalitet på sei som har ete laksefôr.
Jan Harald Jansen i Senja Sjøfarm AS kan melde til NRK at han får mange spørsmål frå fiskarar som ønskjer å fiske nær oppdrettsmerdene. Der får dei både den beste seien og den beste torsken. Einaste problemet Jansen opplever, er at det er stort press frå fiskarar som vil vere i nærleiken av anlegga.