
Usemje om bruk av vegetabila
Polarfeed og Skretting er ueinige om faktagrunnlaget for bruken av vegetabilske råvarer i fiskefôret.-Det går fint å byte ut ein del av dei marine råvarene, men spørsmålet er kor mykje, seier Gro Ingunn Hemre i Nifes.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit Sist veke gjekk Bogi Nielsen i Polarfeed ut med ei pressemelding der han framheva at eit høgt innhald av marine råstoff har ei udiskutabel føremon samanlikna med fôr basert på vegetabila. Han er ikkje tilfreds med den forskinga og dokumentasjonen som føreligg rundt bruken av vegetabilske råvarer i fiskefôr. Lillian Høyvik i Skretting svara med å sei at fôrselskapet har den kunnskapen ein treng for å bruke vegetabilske råvarer i fiskefôret. -Ein massiv FoU-innsats har resultert i nye alternativ der vi kan dokumentere at vekst, fiskehelse og produkteigenskapar er like gode, sa Høyvik til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Forskarane er usikker på nivået Gro Ingunn Hemre i Nifes er ikkje sikker på verknadane ved bruk av vegetabilske råvarer i fiskefôret, men så langt har ein ikkje funne negative effektar dersom det inneheld ein del marine ingrediensar. Hemre si usikkerheit er knytt til kor stor del av dei marine ingrediensane i fôret som kan bytast ut med vegetabilske ingrediensar før det får effekt. -Bruk av for mykje vegetabilske råvarer endrar metabolismen, men vi veit ikkje korleis dette påverkar helsa til fisken, seier Hemre.
Testar reaksjonen til fisken Nifes arbeidar no med eit forskingsprosjekt der ein testar ut korleis fisken reagerar på bruk av vegetabilske råvarer i fôret. -Vi har bytt ut både fiskeprotein og fiskeolje, men beheldt ei minimumsmengde slik at ein dekkar fisken sitt behov. Vi er likevel på kanten av kva som går an biologisk, men det er for tidleg å sei kva som er konsekvensane for fisken si helse. Det skjer noko med fisken, men det er ikkje heilt sikkert at det er negativt, seier Hemre. Resultata frå dette prosjektet skal vere klare innan eit halvt år.