Steinar Eliassen

Useriøst og populistisk

Styreleiar Steinar Eliassen i Storfjord torsk vurderar Maren Esmark i WWF sitt utspel om torskenæringa som useriøst og populistisk. -Esmark sitt truverde er fullstendig fordufta, seier Eliassen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Fredag gjekk Maren Esmark til angrep på Fiskeri- og kystdepartementet og ekspedisjonssjef Magnor Nerheim fordi han har uttrykt at søknadar om torskekonsesjon skal handsamast etter gjeldande regelverk sjølv om Havforskingsinstituttet har kome med eit innspel om at det bør innførast strengare restriksjonar på tildeling.

Esmark framhevar at torskenæringa har fått herje fritt lenge, og at Fiskeri- og kystdepartementet må instruere Fiskeridirektoratet til å ikkje dele ut nye torskekonsesjonar før regelverket er endra. Dette utsagnet har skapt reaksjonar i torskenæringa, og Eliassen meinar det er useriøst og populistisk. Handlar i strid med regelverket Utgangspunktet for saka er at Fiskeridirektoratet i Troms har gjeve avslag på tre søknadar om torskekonsesjon på bakgrunn av moment i innspelet frå Havforskingsinstituttet sjølv om desse ikkje er tatt inn i det regelverket regionkontora skal halde seg til. Storfjord Torsk er eit av dei to selskapa som har fått avslag på sine konsesjonssøknadar. Seriøsiteten er svekka Eliassen meinar seriøsiteten til både Esmark og Havforskingsinstituttet er sterkt svekka etter denne saka. Han kan ikkje forstå korleis Havforskingsinstituttet kan komme med slike innspel utan å legge fram grundig dokumentasjon på at bestanden av villtorsk går ned på grunn av torskeoppdrett. -Og dette skjer av ein forskingsinstitusjon som meinar det er heilt greitt med seismikkskyting i gyteområda til ueren, i fredingstida, sjølv om uer står på rødlista, seier Eliassen. Direkte hyklerisk Når det gjeld Esmark meinar han hennar utspel gjer at ho har mista alt truverde og viser mellom anna til at WWF har inngått eit tett samarbeid med Marine Harvest. -Esmark allierar seg både med Havforskingsinstituttet og med verdas største oppdrettsselskap på same tid som ho går til angrep på torskenæringa som i dag utgjer to til tre prosent av norsk laksenæring. Tidlegare har eg hatt ein viss tillit til Esmark, men dette blir direkte hyklerisk. Eg finn ikkje ord når ho seier at torskenæringa har fått herje fritt, uttrykker Eliassen. Lokal næringsutvikling og arbeidsplassar Storfjord Torsk er lokalisert i Storfjord i Nord Troms. Selskapet har drive med oppdrett i 10 år og har investert omlag 100 millionar kroner så langt. No held selskapet på med ferdigstilling av anlegga både på sjø og land og det er snakk om ei investering på 100 millionar til. Ved ferdigstilling vil investeringane gi rundt 50 arbeidsplassar i Storfjord kommune. -Med bakgrunn i denne satsinga er det ganske så dramatisk både for selskapet og lokalsamfunnet å bli handsama etter innfallsmetoden, framhevar Eliassen. Les også