
Usikker på om fleire konsesjonar er lurt
Bodø: Steinar Olaisen i Nova Sea fryktar at problemet med lakselus er større enn det vi trur. - Eigentleg burde det ikkje tildelast nye konsesjonar før vi har fått kontroll, seier han.
Denne artikkelen er tre år eller eldre.
Kari Johanna Tveit I si innleiing under Landsdelsutvalet sin fiskeri- og havbrukskonferanse i Bodø, mana oppdrettsgründer Steinar Olaisen frå Lovund oppdrettsnæringa til å tenke langsiktig og ta eit steg av gongen. Han ser problema med lakselus som ei svært stor utfordring, og er usikker på om det er rett å tildele nye konsesjonar no slik at produksjonen aukar før ein har fått kontroll med lakselusa. Bør vidareforedle meir For å behalde arbeidsplassane i næringa, er det viktigare å auke foredlingsgraden av den fisken vi alt produserar. - Vi har sterke krefter som vil auke produksjonen, men eg trur vi må vere forsiktige. Dersom vi tenkjer på arbeidsplassar er det mykje meir interessant å auke foredlingsgraden. Samanliknar med Chile Olaisen vurderar norsk lakseproduksjon opp mot det som har skjedd i Chile, og viser til at produksjonen har auka svært raskt i Noreg også dei siste åra, og at vi ikkje har så mykje meir kompetanse enn det chilenarane har. -I Chile har ikkje berekraft og langsiktigheit stått i sentrum, og vi er ikkje så mykje betre her i Noreg heller, sa Olaisen til forsamlinga.