Atli Gregersen

Usikker på vaksinen si rolle

Ballstad: Lakseoppdrettarane på Færøyane brukar mykje pengar på vaksine mot ILA. Direktør Atli Gregersen i oppdrettselskapet Luna as er usikker på om det kostar meir enn det smakar.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Oppdrettarane på Færøyane har vore igjennom ein grundig omstruktureringsprosess etter at ILA heldt på å ta knekken på heile næringa i åra før 2005. Sist veke var Gregersen på Lofotseminaret på Ballstad i Lofoten og snakka om sine erfaringar. Vaksine mot ILA er eit av fleire tiltak som vart gjennomført for å få bukt med sjukdomsproblema på Færøyane, men Gregersen trur vaksinen si rolle fort kan bli overvurdert. Det vert enno sett ut fisk i testgrupper som ikkje er vaksinert, og ingen av desse har hatt utbrot etter 2005. -Vaksinen gjev oss truleg betre vern mot sjukdomen, men det er andre årsaker til at næringa er der den er i dag, sa Gregersen til deltakarane på konferansen. Omfattande tiltak Gregersen trur tiltak som effektive generasjonsskilje og åtskilte lokalitetar har vore svært viktige i denne prosessen. Det vert også gjennomført omfattande smitteførebyggande tiltak både i matfiskproduksjonen og på slakterisida. I tillegg er det innført offentlege regelverk med planar for korleis ein skal bli kvitt sjukdomen. Frå 25 til 7 prosent Dødelegheita i oppdrettsnæringa på Færøyane har gått ned frå rundt 25 prosent frå tida før alle utbrota, til rundt 7 prosent i dag. Det var ein liten oppgang i den perioden ILA herja som verst, men tiltaka som har vore gjennomført for å bli kvitt sjukdomen har i fylgje Gregersen vore svært nyttige for å løyse mange typar problem i næringa. Mange forsvann ut Men det er ikkje jubel blant alle aktørane som har vore ein del av oppdrettsnæringa på Færøyane, sjølv om situasjonen for næringa no ser mykje lysare ut no. -Det var 20 oppdrettsselskap på øyane før vi fekk alle desse problema, og no er det berre seks igjen. Så sjølv om vi har fått ei meir berekraftig næring, er det nokon som måtte betale prisen for dette, seier Gregersen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no