Deformert torsk 3

Usikkerheit om deformert torsk i Storfjord

Wilhelm Egil Larsen sine påstandar om store fangstar med deformert torsk i Storfjord, vert ikkje bekrefta av selskapet som tok imot fisken. Men så langt har ikkje Fiskeridirektoratet tatt saka opp med Bjørn Mikalsen i Skaret Fisk AS.

Publisert

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Skaret Fisk AS er eigde av fiskerikonsernet Nergård AS og den mykje omtala deformerte torsken frå Storfjord skal ha vore levert til selskapet sin mottaksstasjon i Manndalen i Kåfjord i september. Så langt har Fiskeridirektoratet berre sjekka at det vart levert eit stort kvantum med torsk, men dei veit ikkje om den var deformert. -Vi har sjekka at fiskebåten "Perholm" leverte eit forholdsvis stort kvantum torsk, med den aktuelle storleiken til Skaret Fisk den dagen, men vi veit ikkje sikkert at fisken var deformert, seier Ernst Bolle i Fiskeridirektoratet i Troms til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no. Han viser til at fangsten det her er snakk om vart fiska tidleg i september, og at fiskaren ikkje melde frå før i oktober. Vanskeleg å kontrollere påstandane Sidan meldingane om store fangstar med deformert torsk i Storfjord kom ein månad etter det skjedde, vurderar Fiskeridirektoratet det som vanskeleg å kontrollere om påstandane om stemmer. -Det vi har å halde oss til i denne saka er at fiskaren fekk mykje torsk av den aktuelle storleiken den dagen, det ser vi jo på seddelen. I tilegg har vi bileta av dei tre fiskane og Larsen sin påstand om at 80 prosent av torsken var deformert, seier Bolla. Han har spurt kvifor Larsen ikkje hadde tatt bilde av alle dei deformerte torskane, men dette hadde ikkje fiskaren tenkt på. -Eg innrømme jo at det hadde vore interessant om vi hadde fått eit bilete som i alle fall viste eit utval med fleire deformerte torskar, seier Bolle til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

I fylgje bolle Bolle kan det bli aktuelt å ta kontakt med Skaret Fisk for å sjekke saka grundigare, men no vil han først sjå korleis det utviklar seg.

Bolle har ikkje høyrt at Wilhelm Egil Larsen om bord på fiskebåten "Perholm" fekk heile 1500 deformerte fisk på ein dag, slik han uttala ovanfor nettavisen.no -Dette har han ikkje meldt inn til Fiskeridirektoratet, seier Bolle. Feit fisk ved anlegget Sidan fiskaren ikkje melde frå om den deformerte torsken då han fekk den, blir det vanskelig for Fiskeridirektoratet å etterprøve påstandane, og no er det berre kontrollfisket som vart gjort i førre veke som kan sei noko om kva fisk det faktisk er som beiter rundt torskeanlegget i Storfjord. -Vi sette ut eigne garn og fekk 41 fisk som har ei eller anna tilknyting til oppdrettsanlegget. Den har heilt spesielle karaktertrekk, seier Bolle. Han viser til at mange av fiskane var veldig feite, at nokre hadde teikn på nakkeknekk, medan ein hadde det han kallar "Marilyn Monroe-lepper",. I tillegg var det ein del fiskar som hadde slitasje på finnane. Fleire aktuelle forklaringar I utgangspunktet ser Bolle fleire aktuelle forklaringa på at dei har funne deformerte fiskar ved anlegget til Storfjord Torsk i Storfjord. Det kan vere oppdrettsfisk som har rømt frå andre anlegg, og her viser han til at det skjedde ei rømming frå eit anlegg i Balsfjord i 2008. Ei anna årsak kan vere at det rett og slett er vill fisk som soknar til anlegget. Det kan også vere fisk som rømde frå eit anlegg i Storfjord under stormen "Narve" i 2006, men Bolle ser heller ikkje vekk frå at det kan ha rømt fisk frå oppdrettsanlegget i Storfjord no i haust. -Det er vanskelig å sei kva dette er, men no har vi jo sendt fisk som vi har tatt på garn ved anlegget og fiske frå merdane til Storfjord Torsk inn til Havforskingsinstituttet for analyse, så vi må berre vente å sjå kva dei finn ut av, framhevar Bolle