torsk

Usikkert kor mykje som er teljefeil

Tap og svinn er eit problem for torskenæringa, men det er usikkert kor mykje av dette som er teljefeil ved levering av yngel. Dette ønskjer oppdrettarane i Codlink å finne ut av.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit I fylgje Karianne Jacobsen i Labora AS kan teljefeil ved levering vere ei av fleire årsaker til at talet på fisk i merden ofte ikkje stemmer med talet på yngel som er kjøpt. For å eliminere teljefeil som årsak til dette, ønskjer oppdrettarane i Codlink å gjennomføre testar av teljeutstyret som vert nytta. Codlink har søkt Innovasjon Noreg om finansiering for å få gjennomført eit prosjekt knytt til teljefeil, men fekk avslag på søknaden. -Dette er ei problemstilling som torskeoppdrettarane ønskjer å få klarlagt og det er eit tankekors at det ikkje finst midlar til slike prosjekt. Dette vil heller ikkje vere den einaste problemstillinga som torskeoppdrettarane i Codlink ønskjer å jobbe med, seier Prosjektleiar Lars Olav Sparboe til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Lite frie midlar I fylgje Sparboe har det vore brukt rundt hundre millionar kroner i året på torskenæringa dei siste fem åra, men likevel finst det lite frie midlar til praktiske FoU-prosjekt. Han syns det er rart at ein får avslag på ein søknad om 200 000 kroner for å løyse ei så konkret problemstilling. Årsaka skal vere at dette ikkje er innafor ramma av kva type midlar som er sett av til torskenæringa. Vanskelegare med torsk I fylgje Benedikt Halfdanarson i utstyrsbedrifta Vaki er det vanskelegare for maskinene å telje liten torskeyngel enn større laksesmolt. I tillegg er torsken i saltvatn og det inneber meir skum som gjev skuggar på bileta. Men han meinar selskapet har utstyr som gjer det mogeleg for oppdrettarane å kontrollere teljeprosessen. Det finst midlar I fylgje Geir Askvik Haugum i Innovasjon Noreg i Hordaland finst det enno litt frie midlar til FoU-prosjekt, men det var enklare å få finansiering innafor Det marine verdiskapingsprogrammet som midlane vart tildelt gjennom tidlegare. Haugum kjenner ikkje til akkurat dette prosjektet men han framhevar at det skal vere mogeleg å få finansiering på realistisk utforma prosjekt knytt til problemstillingar med høg relevans, sjølv om ein ikkje lenger har det Marine Verdiskapingsprogrammet.