Aina Valland

Usikkert om ein når målet

Oppdrettsnæringa er ramma av enno ei rømming, og Aina Valland i FHL er usikker på om ein når målet om halvering av rømmingstala i høve til 2006.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit Det er gjort store fangstar av oppdretta laks på garn i området sør for Sotra i Hordaland og Fiskeridirektoratet trur det har skjedd ei større rømming fra eit oppdrettsanlegg i området. Men så langt er det ingen som har meldt frå om hendinga. Fiskeridirektoratet sin rømmingsstatistikk vart oppdatert den 10 desember og då var det registrert 419 000 rømde oppdrettslaks i 2007. Dette er godt under halvparten av rømmingstala frå 2006, men den siste hendinga i Hordaland gjer at Valland no er usikker på om ein klarer å nå målet om halvering frå 2006. -Eg har ikkje inngåande kjennskap til den siste hendinga i Hordaland, men slik eg har forstått det kan vi ikkje utelukke at den fisken kjem frå hendingar som alt er rapportert. Difor har vi ikkje heilt klare tal å vise til enno. Valland meinar det er veldig alvorleg dersom det er ei rømming som ikkje er meldt frå om, men ho framhevar også at dei fleste aktørane i oppdrettsnæringa har eit høgt fokus på rømming.

Rømmingsstatistikk
Fiskeriderektoratet