Børge Prytz Larsen

Usikre meldingar frå Russland

Russiske media melder no at dei russiske inspektørane var godt nøgde med dei norske lakseanlegga.

Denne artikkelen er tre år eller eldre.

Kari Johanna Tveit

-Eg har høyrt dette, men her er mange interesser ute og går og ein må ikkje tru alt ein høyrer, seier Børge Prytz Larsen i Royal-Atlantic til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no

Russisk media melder at inspektørane frå veterinærmyndigheiter ikkje hadde funne noko graverande på dei norske lakseanlegga som vart inspiserte tidlegare i august og at dei var fornøgde med det dei såg. -Det vert sagt at russiske veterinærmyndigheiter var fornøgde, men Mattilsynet i Noreg har uttala at det var ting å utsette på ulike anlegg, og i følgje min informasjon er det rett, seier Prytz Larsen til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no. Prytz Larsen seier vidare at han håpar på ei avklaring av kva anlegg som vert opna denne veka, men at det er store utfordringar med omsyn til at russiske veterinærmyndigheiter krev at fisk frå Noreg skal ha transittdokument frå land der fisken passerar grensa på vei til Russland. Noreg vert rekna som eit tredjeland og Russland vil ha dokumentasjon på kvar fisken kjem frå. -Estland har mellom anna nekta å utstede slike dokument og denne saka må avklarast før vi kan få større flyt av norsk fisk til Russland, seier Prytz Larsen. Fiskeriråd ved den norske ambassaden i Moskva Frode Nilsen var i møte med russiske veterinærmyndigheiter tysdag og han seier til Norsk Fiskeoppdrett/kyst.no at rapporten ikkje er ferdig og at det ikkje er fatta ei avgjerd enno, men at dei arbeidar med saka.